Eit oversyn som nyleg vart lagt fram for helse- og oppvekstutvalet, syner at det kom til verda berre 12 – tolv – sandssokningar i 2018.

Det er eit førebels botnnivå etter at det i mange år har vore ei fallande barnetalsutvikling. Dette er ei utvikling som har sett både skular og bygder i spel.

Fellesutspelet

Denne urovekkjande trenden er noko av bakgrunnen til at det på tampen av 2018 vart forma ut eit felles framlegg frå Venstre, Frp, Sp og Ap. Hovudpunkta her er samfunnsplan, folketalsutvikling og skular.

– Det vert straks utarbeidd ein handlingsplan for å betre folketalsutviklinga, dette i nært samarbeid med næringsliv og innbyggjarar. Fokus på skule og skuleborna sitt beste vert høgt prioritert, heiter det mellom anna i fellesframlegget gruppene som utgjer opposisjonen i kommunestyret.

Framlegget fekk ei første behandling i formannskapet denne veka. Her hadde rådmann Indregård lagt ved eit notat med fokus på dei status og overordna målsettingar.

Store bygdevise skilnader

Her kjem det fram at folketalet i Sande samla sett har vore stabilt i perioden mellom 2009 og 2017. Men detaljane er verde å merke seg. På Sandsøya har folketalet i denne perioden gått tilbake frå 311 til 248. Noko tilbakegang har det også vore i Gursken og på Kvamsøya. Gjerdsvika har hatt stabil utvikling, medan det har vore ein vekst (frå 801 til 888 innbyggjarar) i Larsnes skulekrins.

Rådmannen hadde elles sett på befolkningsutviklinga, der det var fleire punkt ein kan merke seg:

Medan talet på personar under 20 år i 2016 var 549, ligg det an til å bli 463 i 204.

Andelen innbyggjarar over 70 år var i 2016 på 504, og er forventa å auke til 595 i 2040. Det inneber at heile 24,1 prosent av sandssokningane – rundt ein fjerdedel – om tjue års tid er over 70 år.

– Få opp fødselsratane

Indregård skisserte fylgjande alternativ for å gjere SSB sine framskrivne prognosar:

1) Vi må få opp fødselsratane.

2) Vi må stoppe det innanlandske flyttetapet.

3) Vi må ha innvandringa om lag som i dag.

Også positive trekk

På den positive sida kan ein rekne det faktum at folketalet i Sande totalt sett har vore stabilt dei seinare åra. Rådmannen var også innom arbeidsplassdekking, der Sande er mellom dei beste småkommunane i fylket. Sande har nemleg om lag like mange arbeidsplassar som det finst arbeidstakarar.

– Det er viktig at å klarer å utnytte dette til å få folk til å flytte hit, sa varaordførar Anne Marte Beitveit (Sande vest).

– Vi skulle fått hovudkontoret til ei større bedrift hit, og dermed fleire typar høgkompetanse-arbeidsplassar, la Bjørn Flatøy (Sande vest) til.

– Nei, miksen av type arbeidsplassar er ikkje heilt innertiar for oss, tilføya Oddbjørn Indregård.

Flatøy supplerte med at det heller ikkje er positivt med ein nær sagt kontinuerleg debatt om skulestruktur.

Vil ha med næringslivet

Arnljot Muren (Ap) ein av arkitektane bak oversendingsframlegget, var tydeleg på at det i den vidare prosessen er avgjerande viktig å få med næringslivet. Han fekk støtte rundt bordet i det synet.

Ordførar Dag Vaagen meinte fylkesplanleggjar Ole Helge Haugen også kan aktuell å knyte seg til i det vidare arbeidet.