Det flokkar seg til på kaia. Bak ein holme kjem bokbåten Epos til syne for elevar frå både Moltu og Stokksund barneskular, og barn frå Myrsnipa barnehage. Dei peikar og jublar, medan lærarane prøvar å halde orden i rekkene. Etter å ha lagt til kai på fiskerimottaket i Stokksund, strøymer elevane om bord. Inne i båten er det tett om plassane, men etter litt puffing og knuffing, har alle elevane, utruleg nok, funne plass i det flytande biblioteket. No ventar dei berre på dagens kulturelle underhaldning.

Ein skikkeleg tøysekopp

Den neste timen blir dei underheldt av illustratør og forfattar Reidar Kjelsen. Eller «ein skikkeleg tøysekopp» som han sjølv omtalar seg som.

– Er det nokon her som et øyrevoks, spør han, før han stikk fingeren i øyret, fiskar tak i øyrevoks og puttar det i munnen.

Det unge publikummet gispar og ropar «æææsj» i kor. Lærarar og tilsette himlar litt med auga til den heller provoserande og direkte stilen. Han teiknar så eit monster som barna sjølv får vere med å designe.

Mot slutten for bokbåten?

Etter forfattarmøtet, boltrar elevane seg i bokhyllene på båten. Her får vi høve til å snakke med nokre av elevane, 3.-klassingar ved Stokksund skule. Vi spør dei kva dei syenst om dagens underhaldning.

– Han var ein skikkeleg raring, og det var morosamt, men eg likte ikkje at han åt øyrevoks, seier Ada, Mali, Iris og Sara.

– Eg synest det var gøy, smiler Omar.

Dei held fram med å fortelje kva dei har lært etter besøket. Dei fem ser på kvarandre og tenker seg litt om, før dei startar å resonnere rundt opplevinga.

– Eg trur dei vil lære oss at bøker ikkje treng å vere perfekte, og at dei kan vere tøysete og morosame, seier Iris.

– Og så kan ein lage bøker uansett kor rar ein er, seier Ada ivrig.

Vil ha bokbåten

Etter å ha snakka om dagens besøk, spør vi barna om dei meiner denne kulturinstitusjonen bør bestå eller ikkje. Det er nemleg ei kjent sak at bokbåten si framtid er usikker. Bokbåten har vore eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane trekte seg ut på grunn av økonomi i 2015. Møre og Romsdal vurderte i fjor det same, og fylkesrådmannen tilrådde nedlegging. Fylkesutvalet vedtok derimot å forlengje avtalen med bokbåten i eitt år til. Samtidig fekk administrasjonen i fylkeskommunen i oppgåve å greie ut alternative bibliotektilbod.

Ei nedlegging er noko desse 3.-klassingane er usamde i.

– Det er skikkeleg dumt om vi skal slutte med båten. Det er kjekt å vere her, seier Mali.

– Her er mange bøker som vi ikkje har på skulen. Då er det bra at vi kan få bøker her, seier Sara.

Tungt

Før bokbåten fartar vidare, får vi også snakka litt med kapteinen, Svein Ivar Vinnes, om framtidsutsiktene til båten.

– Vi har ikkje fått noko signal på at vi får halde fram etter dette. Snarare tvert imot. Vi anar eit lite håp i juni, då dette skal avgjerast, men eg veit det er ynskje om ikkje å vidareføre tilbodet. No sett vi vår lit i politikarane, seier Vinnes, som elles seier det er tungt og kjenne på usikkerheita rundt båten si framtid.

Han held fram:

– Personleg ser eg ikkje kvifor ein vil kutte ein kulturinstitusjon som har betydd så mykje for så mange.

– Tok ei litt uønskt vending

Forfattar Reidar Kjelsen har fått nokre reaksjonar etter ei enkeltforestilling på bokbåten epos i Herøy førre veke.

Det var spesielt ein situasjon som skapte reaksjonar. Då Kjelsen skulle teikne eit monster for alle barna, fekk han beskjed frå nokre eldre elevar i salen om å teikne puppar på monsteret. Han stilde deretter fleire spørsmål om korleis dei skulle sjå ut. Då han skulle fargelegge brysta, kom Kjelsen med ein merknad om at brystvortene kunne vere raude og ha hår på. Dette var noko han hadde sett på internett, sa han. Fleire meiner dette var eit unødig og uklokt utspel.

– Det vart veldig kaotisk med så mange elevar som var i salen. Aldersspennet var stort og eg prøvde å respondere humoristisk til fleire aldersgrupper samstundes. Her tok det ei litt uønskt vending, forklarar han, og legg til at han spelar ein barnsleg karakter i førestillingane sine, der han prøver vere litt på nivå med målgruppa.

Han vil påpeike at dette ikkje er noko han har sagt på andre arrangement med bokbåten. Han har ikkje noko intensjon om å oppmode til å søke etter slikt på nettet. Det heile var berre ei uheldig vending etter mykje avbryting frå elevar. Han ville vere humoristisk for dei litt eldre i ei elles stor forsamling beståande av elevar frå 1.–7. klasse og barnehagebarn.