– Vi er nøgde med at plattformen tek omsyn til våre innspel i forhandlingane, og det sentrale for heile fiskeflåten er at ressursfordelinga ligg fast.

Slik helsar adm. dir. i Fiskebåt, Audun Maråk, plattformen for den nye firepartiregjeringa velkomen. Og havfiskeflåten sin organisasjon er ikkje åleine om å reagere positivt på utfallet av regjeringsforhandlingane.

Norges Kystfiskarlag og Fiskebåt er ikkje alltid heilt på linje, men her synest også kystfiskarane å vere godt fornøgde. Norges Fiskarlag har sagt seg veldig fornøgde, og både Pelagisk foreining, Norges råfisklag og Sjømat Norge har slutta seg til den positive omtalen.

Nesten ikkje til å tru

– Det er nesten ikkje til å tru at dei har greidd å få til noko som er så bra. Her har dei vore dyktige, seier Gunnar Sævik, og vil særleg gi ros til kva KrF sin fiskeripolitiske talsmann, Steinar Reiten, har bidrege med i forhandlingane.

I regjeringsplattformen blir det for det fyrste slege fast at kvotetaket skal ligge fast dei tre åra som dagens regjering har igjen.

Dei fire partia er også samde om at etter strukturtida på 20 år skal kvotane ikkje nyttast til andre føremål, men gå tilbake til gruppene.

Dette er to av dei viktigaste tinga, slik Sævik ser det.

Fiskebåt framhevar i ei pressemelding at det ikkje skal gjennomførast strukturendring for fartøy under 11 meter. Det skal ikkje gjerast omfordeling av fiske- ressursar mellom fartøygrupper, og taket for strukturordninga i dei ulike flåtegruppene skal ikkje endrast.

– Ei regjering med fleirtal gjer det muleg å få gjennomført politiske avklaringar og retningsval, ikkje berre utgreiingar, seier Maråk.

Stabiliserande

Det at kvotetaket skal ligge fast kan truleg føre til at presset på kvoteprisane ikkje blir like sterkt som det har vore dei seinare åra.

– Fiskerinæringa har etterlyst stabile rammebetingelsar, og denne politikken meiner eg vil vere stabiliserande, kommenterer Sævik.

Regjeringsplattformen løyser likevel ikkje alt, og striden rundt fabrikktrålarflåten sitt leveringspålegg er til dømes ikkje løyst med dette.