Det var mandag den store silda dukka opp i havet om lag femti mil vest av Lofoten. Dette resulterte i at fleire båtar sette kursen til havs, og Vestbas var ein av båtane som tysdag sikra seg den fyrste fangsten med skikkeleg storsild.

Med ei snittvekt på rundt 350 gram er denne silda om lag 100 gram større enn den silda som kystbåtane har fiska på i Kvænangen. Vestbas fekk 290 tonn, medan ringnotbåten Trygvason melde inn heile 840 tonn tidleg tysdag.

Større sild gir betre pris, og at den store silda no er funnen er godt nytt for dei mange som har lege og venta. Mange båtar er difor no på veg nordover. Mellom dei er fleire frå Herøy.