Ove Johan Rønnestad ringde sist fredag til Vestlandsnytt. Han hadde ein gledeleg bodskap å kome med, ei gladmelding Sande kyrkjering fekk høyre frå sin rekneskapsførar under styremøtet førre veke.

Rønnestad, som var referent under møtet, fortel at vedkomande som fører rekneskap fekk seg ein hyggeleg stuss då han plutseleg såg at det var kome inn pengar på kontoen frå ein anonym givar, heilt på tampen av fjoråret. Beløpet: 70.000 kroner.

– Dette er er ei heilt fantastisk gåve som vil kome godt med, seier Rønnestad.

Inga aning

Kven det kan vere som står bak den flotte gåva, har kvamsøyingen inga aning om. Han reknar med det er nokon som i det minste har eit forhold til kyrkjene i kommunen. Men uansett kven den mystiske givaren er, har han lyst til å bere fram ei helsing.

– Eg vil på vegner av alle få seie hjarteleg takk for denne gåva, og håpar at han eller ho les dette og dermed veit at vi gler oss over bidraget, takkar Rønnestad.

Det er elles nytt for han at det kjem eit så stort anonymt bidrag til kyrkja, men sandssokningen utelukker ikkje at det kan ha skjedd før, utan at han kjenner til høvet.

Til Sande kyrkje

Kva pengane skal brukast til, er enno ikkje heilt sikkert. Det einaste dei er rimeleg sikre på, er at pengane skal brukast på Sande kyrkje.

– Vi har mellom anna lyst til å gjere litt utsmykkingar inne i denne kyrkja, og no har vi faktisk moglegheit til å gjere det. Men vi har ikkje bestemt oss enno.

Nytt bygg ved kyrkja

Rønnestad kan elles opplyse om at det nye bygget ved Sande kyrkje, eit reiskapshus med handikaptoalett, no endeleg står klart til å brukast.

– Det er gledeleg for alle kyrkjegåarar og forbipasserande. No er tilhøva mykje betre for folk som er dårlege til beins, og det er også mogleg for folk som er i området å bruke toalettet.