Like ved Breivik Kalkverk, litt bort i hogget, svingar vi inn til det som er ei eldre brakke. Bygget ligg fint til med ei flott utsikt over fjorden, den Vanylven sine majestetiske fjell badar i ettermiddagssola. Nina Tangen Arnesen ønskjer oss velkomen inn i brakka. Innvendig er brakka litt støva ned av sagmask, og møblar ligg hulter til bulter. Det er tydleg at det er ting som skjer her.

– Kjempar knallhardt

– Takka vere eit gründer-stipend frå Sande og god hjelp frå Brattvåg Elektro og Mørenett, har eg no endeleg fått lagt inn straum og er med det på god veg til å flytte inn. No står det berre att å få på plass alt det elektriske og organisere ting og tang. Men eg har fått på plass sopass at eg allereie jobbar 16 timar arbeidsdagar, seier Arnesen, og syner oss inn i eit varmare lokale. Her er det også litt støvete, men av ein heilt anna grunn.

På bordet står det nemleg ein nedstrippa, eldre stol og det ligg skumgummi utover golvet. Nina er godt i gang med å trekke opp møbelet i nytt stoff. Ved sida står det som er att av ein annan stol, denne opp ned. Også den er ho godt i gang med å restaurere.

– Eg har hatt dette som hobby heilt sidan 2002, då eg tok fagbrev i faget. Sidan har eg restaurert og reparert møblar og ting av alle slag. Det er fyrst no eg har fått moglegheita til å satse fullt ut på dette. Eg kjempar knallhardt for at dette skal bli min leveveg, og no er det offisielt, eg har starta eiga bedrift, smiler dama.

Blikket hennar byrjar å leite på mobilskjermen. Omsider finn ho fram til ein fargerik logo ho viser fram. «Nina’s Stopp & Trekk», står det.

– Dette blir min logo. Han er teikna av ei dyktig ung jente, dotter til ein kompis av meg. Ho har verkeleg klart å få med mykje detaljar.

Forsøkte tidlegare, men so …

– Det er ikkje fyrste gongen eg prøver å gjere jobb ut av hobbyen. Eg prøvde også i 2016. Då sa eg opp jobben min og var klar for å stå på eigne bein i systova mi på Kvalsund, men so gjekk det so alt for gale. Huset mitt brann ned, og med det for mykje av det eg eigde, fortel Arnesen og ser ut vindauget i brakka.

Ho held fram med å fortelje: – Heldigvis gjekk der ingen menneskeliv med i brannen, men det har vore ein tøff kamp i tida etter det, forklarar Nina.

Nytt mot

Men omsider har Arnesen stabla opp igjen ei behaldning av essensielt verktøy, og etter at ho fekk lokale, ei brakke som opphavleg har stått ved Breivik Kalkverk, ser det endeleg ut til at puslespelbrikkene er i ferd med å falle på plass.

– Eg kosar meg kvar dag på jobb, og eg har store ambisjonar for denne verksemda.

Medan ho gir oss ei omvising av resten av den 70 kvadratmeter store arbeidsplassen, får vi også høyre litt meir om akkurat ambisjonane.

– Det er ikkje berre møbeltrekk eg driv med. Det er også alt av reparasjonar og restaureringar. Etter kvart som alt det elektriske no er på plass, skal eg lage ei møbeltrekk-avdeling, og ei systove med symaskiner.

– Kva andre ting gjer du då, spør vi.

– Båtar og bilar for eksempel. Eg trekker meir enn gjerne opp seter og fiksar opp interiøret i gamle veteranbilar, gliser Arnesen, og røper at ho har ein stor forkjærleik for amerikanske køyretøy.

– Den dagen det kjem trillande inn slike prosjekt på tunet, skin eg i kapp med sola, flirer ho.

I fyrste omgang blir Arnesen åleine om verksemda, sjølv om ho i ny og ne får besøk av vener på jobben.

– Om det går bra har eg også naturlegvis eit mål om at dette kan bli noko endå meir enn berre eit enkelmannsføretak, men alt til si tid. Eg trur her er ein marknad for eit tilbod som dette.

Utfordringar og skattejakt

Vi rundar av omvisinga tilbake i restaureringslokale der vi starta. Her får vi til slutt høyre litt om kva som gjer at Nina brenn for akkurat dette.

– For det fyrste er der utfordringane eg møter på kvar dag. Inga oppgåve er lik, spesielt når ein reparerer ting som ikkje er industriproduserte. I tillegg er det mykje historie og lærdom i kvart prosjekt, og apropos historie. Sjå her, seier Nina.

Ho rekker over ei skål fylt med masse små dingsar. Ho er fylt med alt ifrå eldre myntar og nøklar til nyare og moderne leiker.

– Å restaurere møblar er av og til meir som ei skattejakt. Du vil ikkje tru kor mykje rart eg finn i møblane.

Vi spør avslutningsvis kva som er det raraste funnet den erfarne møbeltapetseraren har gjort.

– Ein gang fann eg eit fantastisk flott gullkjede, og du skal tru eigaren var hoppande glad då ho fekk vite at eg hadde funne att morgongåva som ho fekk av ektemannen etter bryllaupet.