Styret i Herøy næringsforum har innstilt på å støtte gangbrua over sundet til Vågsholmen i Fosnavåg med eit tilskot på 1,5 mill. kroner av RDA-midlane. Tilskotet er grunngive med at den svingbare gangbrua vil vere eit viktig tiltak for vidare utvikling av Fosnavåg. Søknaden frå Vågsholmen utvikling lydde på tre millionar kroner. Formelt vedtak blir gjort på fyrstkomande møte i næringskomiteen..