Vi trur at det finst eit ønske om å fjerne seg frå skjermen, og i leseåret 2019, vil biblioteka tilby motivasjon og naudhjelp til alle som vil.

Det skriv fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal i eit notat til dei 32 folkebiblioteka og ei rekkje andre aktørar som er med på prosjektet «Bok på veg».

– 500 år etter at den første norske boka vart trykt, inviterer Nasjonalbiblioteket til nasjonalt bokår. Det skal feirast med minst 500 arrangement i 500 bibliotek landet over, heiter det på Nasjonalbiblioteket sine heimesider.

«Bok på veg» er den fylkeskommunale satsinga i det nasjonale Bokåret 2019.

– Prosjektet er ein lesedugnad som synleggjer den gode litteraturen og minner om kor mange friminutt vi faktisk har til overs til å lese den – eller samtale om den, heiter det i notatet frå fylkesbiblioteket.

Ei fortryllande lesestund

Ei jente i femårsalderen har lagt hovudet på ei av sitjeputene på golvet i Herøy folkebibliotek. Der ligg ho fint, med auga festa på lerretet framfor bokhyllene langs veggen. Alle dei andre barna sit på puter, stolar og varme fang, djupt konsentrerte, mange gapande, nesten som i ærbødigheit. Og det skuldast berre éin ting: ei lita bildebok. Eit eventyr, fortalt med innleving av Anja Hovden ved biblioteket. Ho står bakom eit moderne episkop med ei bok inni – ein nett liten maskin med kamera, som sender levande bilde av boka ho les, til lerretet, medan ho blar i ho.

Lesestunda for barn er årets første for barn i Herøy.

– Vi har det ein dag annakvar veke, der vi vekslar mellom onsdagar og fredagar. Barnehagane har oversikta, men planen ligg også på nettet, for dei som vil ta med eigne barn, seier Husøy.

Høgtlesing for barn og vaksne

Men det er ikkje berre barn som kan ha glede av å bli lest for.

– Oftast er lesing ein aktivitet ein nyt i einsemd, men eg har veldig sansen for høgtlesing. Eg veit at der finst lesegrupper, der folk samlast i heimar og les for kvarandre, eller der kan vere ektepar som les for kvarandre. Men eg veit ikkje kor utbreidd det er i Herøy, seier Husøy.

Difor vil ho, som ein lokal start på Bokåret 2019, slå eit slag for høgtlesing, og inviterer til nettopp dette, førstkomande laurdag.

– Det vert ein seksjon for barn og ein for vaksne. Gjestelesarane er nokre av våre faste brukarar, seier Husøy.

Tim Bock i Sande seier at Sande folkebiblioogså er med på den fylkeskommunale satsinga, men dei har førebels ikkje planlagt noko konkret arrangement.

Nye tema kvar månad

Midt i biblioteket står ei utstilling med diverse bøker om reiser: indre reiser (i livet) og ytre reiser (fysiske) i mange ulike former. Prosjektet «Bok på veg» er nemleg konstruert rundt ulike tema, og først ut er altså reise, eller: «Les ei bok om å vere på reise».