Og med det har Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik) definitivt kapra alle si merksemd.

Publikumet hennar denne fredags ettermiddagen består av elevar frå alle ungdomsskulane i Herøy i tillegg til ei sjuandeklasse frå Bergsøy skule.

– Tenk om eg hadde vore mamma dykkar då – så kleint det hadde vore. Shit, man!

Men Tale er ikkje mamma deira – men jobbar derimot frivillig som «hele Norges helsesøster» på Snapchat. Det sosiale mediet er nemleg ein perfekt måte å kommunisere med ungdommar på.

Det byrja med at ho var helsesøster på fire forskjellige vidaregåande skular i Oslo, og ikkje kjende at ho var tilgjengeleg nok for elevane sine. Ho bestemte seg for å bruke Snapchat til å kommunisere kva for dagar ho var kvar og samtidig kome med små drypp av undervisning. Det tok elles ikkje lang tid før ho fekk massevis av følgjarar over heile landet. @Helsesista bruker nemleg artige snapfilter (til dømes store auge og kjempegap), musikk og humor i snap-snuttane sine, som ofte tek opp erfaringar og spørsmål ungdommar har sendt henne.

Vi får sjå fleire av snappane på lerretet, som til dømes den frå skogen ...

– Det gutar lurer mest på er storleiken! Her er eit prakteksemplar på et «pikktre» eller eit «kuktre» – Kva er gjennomsnittet her?

Treet Helsesista har funne er fullt av daude greiner i forskjellige storleikar.

Innom alt det vanskelege

Pubertetspratet er berre ein liten del av Helsesista sitt føredrag. I løpet timen med Herøy-ungdommen, tek ho også opp kropps- og sexpress, valdtekt og seksuelle overgrep, «dicpicks» og «nudes», forhold til foreldre, mobbing, sosiale media og psykisk helse.

– Ser ein på sosiale media, så trur ein at kroppen skal vere sånn og sånn, og ein samanliknar seg med andre og føler seg ikkje bra. Men det vi ser er ofte ikkje ekte. Og kroppen er liksom berre huset vi bur i. Berebjelka er sjølvkjensla vår. Vi er forskjellige og skal sjå forskjellige ut alle saman.

– Ikkje ver så rask til å dømme

Det kan vere vanskeleg å kome seg vekk frå eit rykte, spesielt om ein bur på ein mindre plass, sånn som oss.

– Alle har noko vanskeleg i livet – noko dei strevar med, som andre ikkje veit. Så ikkje ver så rask til å dømme andre og tru at du veit noko om dei berre fordi du ser noko eller høyrer noko om dei, seier Tale og held fram:

– Og å kalle andre for «homo», «slut» og «fitte» synest eg er kjemperart. Å trykke andre ned slik ... Det er skikkeleg rart å kalle nokon for ei legning. Tenk viss eg hadde ropt: ”J ... HETERO! Og kvifor skal ein kalle nokon for ein kroppsdel? Tenk viss eg hadde ropt «J ... OLBOGE!»

Livet skal vere litt tøft ...

For dei fleste er livet ingen dans på roser, men vi treng vanskelege stundar for å vakse som menneske, understrekar Tale – sjølv om ho seier det på ein litt annan måte:

– Tenk viss livet var eit dataspel ... Så kjedeleg det hadde vore om de berre hadde vore på level 1 heile tida. De må liksom treffe monster og troll, få våpen og kjempe mot dei. Men våpena er ikkje laser og pistol, dei er erfaringane dykkar. Så, når de kjem til level 3, treff de nye troll og har nye våpen ...

Deler ut selfies

Etter føredraget får Helsesista med seg heile salen på eit #happymoment i ein snapchatstory, før ho inviterer dei som vil til å kome opp på scena for å få ein klem og ta ein selfie med henne. Køen er lang, og det går ein del minutt før Vestlandsnytt får høve til å smette inn eit par spørsmål. Vi veit at Helsesista skal halde føredrag for foreldre og andre vaksne på same stad seinare på kvelden. Det vert kanskje ikkje heilt likt det vi nettopp har høyrt, eller?

– Nei, eg tilpassar meg dei eg snakkar til. Det viktigaste eg skal seie til foreldra er at dei tek seg tida til å lytte til ungdommane sine. Det er viktig å stille spørsmål, og å snakke med dei, og ikkje berre til dei. Og så vil eg gi dei nokre råd om livreddande førstehjelp viss ungdommane deira har gjort noko skikkeleg dumt, seier Tale.

Til slutt kjem å med ei anbefaling:

– Alle bør sjå «Psychobitch», vaksne også. Det er ein viktig, morosam og klein film.

Den norske filmen «Psychobitch» går på kino i desse dagar.

Helsesista: Tale Maria Krohn Engvik frå Ålesund.