Det seier Ann Kristin Tvedt, som ikkje var spesielt blid etter å ha brukt nesten ein time på å gå til jobb gjennom snøen. Fortaua på strekninga Kleiva-Herøy vgs. var nemleg delvis omgjorde til brøytekantar.

– Der er masse djupsnø. Brøytebilane greier ikkje brøyte fortaua! Greitt nok at eg må gå i køyrebana, men kva med barn eller folk med barnevogn, spør Tvedt.

Det er Vegvesenet som har ansvaret for fortaua langs nemnde strekninga opp til Herøy kyrkje, medan vegen derfrå til HVS er kommunen sitt ansvar. Vestlandsnytt har ikkje lukkast med å kome i kontakt med rette vedkomande i Vegvesenet, men driftsingeniør Torger Kvalsund i Herøy kommune svarer på generelt grunnlag:

– Eg ser ikkje vekk frå at brøytebilane har vore opptekne med å rydde hovudvegane. Dei skal prioriterast, slik at der er plass til utrykkingskøyretøy, bussar og folk som skal på jobb. Fortau og gangvegar er andre prioritet. Men det er sjølvsagt ikkje trygt at folk må hoppe unna bilar heller. Det vert fort kaos når det kjem så mykje snø på ein gong, seier Kvalsund.