Det er fem månadar sidan vi sist høyrde noko frå det Göteborg-baserte innovasjons-selskapet. Då hadde dei fått ny dagleg leiar, Emil Christiansen, etter at Ulf Lindelöf fråtredde som administrerande direktør, angiveleg på grunn av usemje mellom han og styret om selskapets leiing og framdrift. Den nye leiaren presenterte då ein finansieringsplan som involverte å levere energiløysingar til mellom anna oppdrettsanlegg og havbruk. Selskapet skulle med andre ord tilby den teknologien dei allereie har utvikla til marknaden, samtidig med å vidareutvikle sine løysingar.

Christiansen ut, Jonas Kamf inn

No, fem månadar seinare, ser bilete annleis ut. Christiansen er ikkje lenger i førarsetet, og selskapet har inntil vidare skrinlagt tanken om å nytte sin teknologi til andre formål enn bølgjekraftproduksjon. No går selskapet inn for å fokusere 100 prosent på bølgjekraft, og berre det. Som ny dagleg leiar har selskapet valt svensken Jonas Kamf.

– Vi følte vi var på veg i feil retning med den nye policyen og har derfor søkt tilbake til dei grunnleggande visjonane vi hadde frå starten av. Å skape grøn og kostnadseffektiv energi med bølgjekraft. Vi har no ein prosjektplan som alle er samde om, noko vi ikkje hadde for fem månadar sidan, slår Kamf fast då vi møter han i Fosnavåg denne veka.

Den nye leiaren, som byrja i stillinga 1. januar, er no i regionen for å snakke med lokale samarbeidspartnarar inkludert Herøy kommune og Runde Miljøsenter.

Bøya ut før sommaren?

Sunnmørsbesøket inkluderer også ei synfaring av bølgjekraftbøya som ligg klar til reparasjon i Vanylven. Der har ho vore sidan bøya vart teken opp hausten 2017 fordi det var skade på to av tre fortøyingar. Den gong vart skadane omtalt som «uforklarlege», men vi har i etterkant fått høyre av selskapet at det skal vere snakk om skadeverk. Dei har likevel presisert at dei ikkje vil mistenkeleggjere lokalmiljøet- der dei føler seg godt mottekne.

– Vi har no mål om å reparere bøya. Samtidig vil vi gjere nokre modifiseringar som gjer at vi kan hauste endå meir energi. VI vil mellom anna auke lengda på røret som stikk ned i sjøen. Alt i alt reknar vi at denne prosessen vil kunne ta kring 10 veker når ein fyrst får sett i gang, seier Kamf.

– Kva tid ser vi bøya utanfor Runde?

– Det vil naturlegvis vere avhengig av vêr og vind, men vi er veldig interesserte i å fullføre våre testar ved Rune. Derfor håpar vi at vi kan få anlegget på plass igjen allereie til sommaren. Vi er også stadig på jakt etter endå meir kapital, som også vil vere ein viktig faktor for framgangen.

Kamf legg også til at erfaringane selskapet hadde med anlegget før havariet i 2017, var svært positive med vellukka testar.

– Bøya hadde 12.000 timar med overleving og 4000 timar med funksjonstest. Med andre ord, vi veit at den fungerer og teknologien leverer straum.

Feil med signalbøyer

På Vestlandsnytt si Facebook-side blei det nyleg retta kritikk mot selskapet, fordi delar av anlegget framleis ligg ute. Ein lesar kalla det for «marin forsøpling». Vi har gitt Kamf moglegheit til å svare på kritikken.

Han vil presisere at det som står der er funksjonelt og skal brukast so snart bøya er tilbake. Han kan derimot forstå at det ser litt merkeleg ut der akkurat no. To av signalbøyene som låg der er nemleg no slepte til land for reparasjon. Dei skal naturlegvis også settast ut igjen, opplyser han.

Svensken nyttar elles høvet til å snakke om akkurat dette med marin forsøpling, spesielt i forhold til deira nye bøye som etter kvart skal framstillast i polyetylen.

– Folk vil kanskje tenke at ein ikkje bør putte plast i havet, men denne bøya skal ikkje gi frå seg noko mikroplast. Samtidig vil ho vere fornybar, hevdar Kamf.

Med den neste generasjonen av bøyer tek selskapet sikte på å spare store summar og gjere det endå billegare å produsere bølgjekraft. Den fyrste kundemarknaden dei ønskjer å innta, er dømevis plattformer og anlegg som elles brukar fossile brensel til å produsere energi. Deretter vil dei sjå på moglegheitene til å levere straum i større skala.