Det slår rådmann Olaus-Jon Kopperstad fast i eit notat til kontrollutvalet. Notatet er rådmannen sine kommentarar til ein del spørsmål som Bjarne Kvalsvik (Folkelista) har bede kontrollutvalet om å sjå nærare på (gjennom ope brev i Vestlandsnytt sist fredag).

«Her er det oppretta ei ny stilling/tittel vi ikkje har hatt før eller høyrt om. Kven har oppretta denne stillingstittelen, og ligg det til rådmannen å opprette slike stillingar», spør Kvalsvik og viser til at Andreas Nørve nyleg er tilsett som assisterande rådmann/kommunalsjef i Herøy kommune.

Fast stadfortredar

I kommentarane til kontrollutvalet viser Kopperstad til at det ikkje er oppretta noko ny stilling, men at Nørve er tilsett i stillingsheimelen kommunalsjef samfunnsutvikling. Her erstattar han Jarl Martin Møller, som i tillegg til å vere kommunalsjef, også var rådmannen sin faste stadfortredar.

Tittelen assisterande rådmann er ifylgje Kopperstad dermed ikkje anna enn ei formalisering av funksjonen som Nørve sin forgjengar hadde.

I notatet til kontrollutvalet kommenterer Kopperstad også dei andre spørsmåla som Kvalsvik stiller om kva fullmakter rådmannen har når det gjeld administrasjonen. Om delegasjon til rådmannen viser Kopperstad til reglementet der det går fram at rådmannen har tilsetjingsmynde for alle stillingar der slikt mynde ikkje er lagt til andre ved lov eller reglement.