– Det har trekt ut i tid, og eg har fleire gongar purra og spurt om det skjer noko. Men no har vi fått signal om at restaureringa kan bli gjennomført i 2019.

Det seier kyrkjeverje i Sande, Dorthe Nordahl. Ho fortel at mange har spurt om restaureringa som har drege ut i tid.

– Det har heile tida lege i korta at tavla skal tilbake, men slik eg skjønar det, har det ikkje vore løyvingar nok på budsjettet til Riksantikvaren. Dermed har prosjektet blitt ståande i kø, legg Nordahl til.

Målerikonservator og forskar Tone Marie Olstad ved NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking) har håp om at 2019 er året då det endeleg skal skje noko:

– Pengar vil eg ikkje diskutere. Det er opp til Riksantikvaren å avgjere. Men det er eit svært spennande prosjekt med nokre utruleg flotte måleri. Signala seier at arbeidet forhåpentlegvis vil starte i år. Det inneber også eit arbeid på staden, ei rehabilitering av sjølve corpus-delen av altertavla, seier Olstad til Vestlandsnytt.

Er frå stavkyrkja

Den første kyrkja i Sande var ei stavkyrkje som er nemnd i skriftlege kjelder tilbake til tidleg 1300-tal. Altertavla skriv seg frå 1400-talet. Stavkyrkja stod i fleire hundre år før det i 1835 vart bygd ei ny langkyrkje i tre. Denne kyrkja vart så sterkt skada av ein orkan på slutten av 1870-åra, at ho måtte rivast. I 1880 vart kyrkja gjenopna.

Det var ved den siste ombygginga/nybygginga at alterskåpet vart ombygd. Skåpet sine fire dører vart då flytta til over «corpus» i altertavla.

Alterskåpet er forma ut i katolsk stil med sterk fokus på Maria og Jesu fødsel.

Oppsiktsvekkjande funn

Då utsendingar frå NIKU var på vitjing for å demontere dei fire måleria i november 2016, gjorde dei eit oppsiktsvekkjande funn.

På baksida av bilda – som altså var synleg den tida dette var eit skåp som kunne opnast – vart det funne nokre detaljrike og svært vakre måleri. Desse har truleg vore framsida på alterskapsdørene.

Målerikonservator Tone Marie Olstad ved NIKU uttrykte i 2016 begeistring for funnet av dei ukjende måleria då vitja demonteringsarbeidet i november 2016.

– Vi vil ta ein gjennomgang også av desse når restaureringa kjem i gang på konserveringsatelieret i Oslo. I tillegg er det naturleg å fotografere og dokumentere grundig, sa Olstad til Vestlandsnytt den gongen.

Ekroll jubla over nytt funn

Olstad antyda at bilda som vart attfunne på baksida av altertavlemåleria, kunne vere frå 1700–talet ein gong. Forskar ved Nidarosdomen sine restaureringsarbeid, sandssokningen Øystein Ekroll, var ein av dei som jubla over funnet.

– Eg er gledeleg overraska over kvaliteten. Det er utan tvil utført av ein profesjonell kunstnar, sa Ekroll.

Etter det nye funnet sa Tone Marie Olstad at det vil vere av stor interesse for kyrkja å syne bilde av måleria for publikum.

Det var ho sjølv som oppdaga den dårlege tilstanden på måleria i alterskapet. Det skjedde litt tilfeldig, hausten 2015. Olstad oppdaga under ein snarvisitt til Sande kyrkje at målinga på bilda i alterskåpet var svært laus mange stadar.

Planen var at måleria i alterskåpet skulle vere i Oslo i eit halvt års tid før arbeidet var ferdig. Riksantikvaren skulle på dette tidspunktet også ha sett av pengar til restaureringa. Men då var de slutt på pengane. Etter flyttinga av bilda har lite skjedd. Publikum, og vener av kyrkja, har difor teke til å bli utolmodige. No skal det altså vere lys i enden av tunnelen.