Medan dei andre partia i Herøy er komne godt i gang med nominasjonsarbeidet, og i alle fall eitt av dei allereie har fått lista si godkjend og klar, er det enda ikkje avgjort kva det blir til med KrF.

Spørsmålet om KrF faktisk skal stille liste ved valet i september, blir hovudsaka på årsmøtet som skal haldast 21. januar. Den andre saka på årsmøtet er val av nytt styre.

Heilt ope

Begge sakene kan bli vanskelege, og styreleiar Svein Ulrik Brubakk kjenner seg ikkje sikker på korleis det kjem til å gå. At valet kan kome til å gå utan KrF som eitt av alternativa, er ein situasjon styreleiaren helst ikkje ønskjer å oppleve.

– Det vil i så fall vere veldig leit når ein veit kva tradisjonar KrF har hatt i herøypolitikken, seier Svein Ulrik Brubakk.

I forkant av årsmøtet meiner han spørsmålet om partiet sin lagnad er heilt ope.

Slit med engasjementet

Brubakk er styreleiar for eit parti som slit alvorleg med å få folk til å ta på seg organisatorisk arbeid. Godt illustrerande for problemet er at partiet for tida heller ikkje har eit fulltalig styre. Eigentleg skal dei vere fem styremedlemer, men dagens styre i Herøy KrF består av tre medlemer pluss ein frå kommunestyregruppa.

– Fleire som ville ta på seg oppgåva greidde vi ikkje å finne, seier Brubakk.

Stolte tradisjonar

Kristeleg Folkeparti var tidlegare det leiande partiet i Herøy, men har ved dei siste vala stadig tapt terreng. For fire år sidan blei kommunestyregruppa redusert til eit historisk lavmål.

Styret har enda ikkje prøvd å finne ut kven av dagens fire representantar som ønskjer å stille på nytt.

Stadig minkande oppslutning er ikkje noko eineståande herøyproblem, men ifylgje Brubakk like mykje eit lands- problem for KrF.

– Eit parti som slit på landsplanet, vil også slite lokalt. Her er det ein samanheng, seier han.

Startar med styret

For Herøy KrF synest hovudproblemet å vere å få folk til å ta på seg styreverv.

– Får ein ikkje folk til å stille opp organisatorisk kan ein heller ikkje forvente å kunne stille liste, seier Brubakk.