Larsnes helselag har i mange år samarbeidd med sjukeheimen om denne tilstellinga.

Leiaren i helselaget, Astri-Bente Sandvik, ønskte alle hjarteleg velkomne, og leia festen på lunt vis.

Det var felles julesongar, litt program, og til slutt kaffi, julebrød og småkaker.

Ines Vatne spelte piano, og dirigerte Sande kantori.

Det er fint å lytte til korsong i slike lag. Kanskje vil kantoriet vidareføre rolla som eit fast julefest-kor? Sande kantori er i alle fall eit godt lite blandakor for bygdene våre.

Møyfrid Tveten, kulturprisvinnar for 2018 i Sande kommune, kåserte og fortalde om juletradisjonar og julefeiring slik ho huska det frå sin barndom i Gursken. Med si store forteljarglede fekk ho fram både smil og latter i forsamlinga.

Det var smått med pengar, gavene var alltid nyttige ting. Arbeidet kunne vere hardt, tida fram til julehøgtida kunne vere strevsam. Og Møyfrid hugsa at tida fram til jul av og til var litt lang, men at barna alltid kjende på ei god forventing til høgtida. Til maten, gåvene, og ikkje minst alle juleselskapa. Artig å høyre om onkelen, sjømannen i familien, som til stor glede for barna underheldt i selskapa, før han klokka sju om kvelden måtte ta bussen til bya for å kunne reise på fiskeri dagen etter.

Å spele fillipine var vanleg i jula. No for tida er det kanskje mange som ikkje heilt veit kva dette er. Sjølve ordet fillipine var heller ikkje alltid var like lett å hugse, eller like lett å uttale kom det fram. Men det gjer ingen ting, når ein i staden er snartenkt og seier «appelsin-appelsin».

Tusen takk til alle som bidrog.