Frå før har Ørsta-firmaet bygd enkeltvise tomannsbustader andre plassar i Herøy, men bustadfeltet på Gjertneset blir Norhus si desidert største satsing på øyane til denne tid.

På Gjertneset blir det lagt opp til konsentrert utbygging med til saman 32 leilegheiter fordelt på åtte firemannsbustader. Vidare vil feltet innehalde fem tomannsbustader og fem einebustader, noko som betyr at feltet får ein kapasitet på femti bueiningar til saman.

– Vi er litt spente på korleis vi blir mottekne, men vi har god tru på at mange vil ønskje å bu i eit så idyllisk område, seier salssjef Odd Erik Hovden i Norhus Ørsta.