Slik summerer leiaren for Gurskøy sør vald, Bjarte Rovde, opp hjortejakta i 2018 for deira del. Han fortel at dei kom godt i gong, og skaut 75 % av dyra allereie tidleg i oktober. Hans jaktlag tok 82 av 87 dyr på hovudkvoten, samt at dei fekk tildelt ei ekstrakvote på 12 dyr. Av denne kvoten felte dei ni dyr.

– Det var ei klar betring frå året før, seier Rovde.

– Gode tal

Ansvarleg for hjortejakta i Sande kommune, Marte Storegjerde i teknisk eining, melder også om gode tal.

– Av ei kvote på 157 dyr er det felt 136 dyr. Desse tala er inkludert ekstrakvoten som Gurskøy sør vald fekk på 12. Men det er viktig å presisere at tala er omtrentlege, då ikkje alle valda har meldt inn endelege rapportar. Derfor vil vi heller ikkje gå ut med ein endeleg fellingsprosent enno, seier Storegjerde.

Samanliknar ein 2018-tala med 2017 er det ei klar betring.

– Det er uansett gode tal. I 2017 blei det felt 109 dyr av ei kvote på 138 dyr. Altso ein fellingsprosent på 79 %. Blant anna har Gurskøy sør vald ei auke på 22 % frå 2017 til 2018, seier Storegjerde.

Ho opplyser også at 19 av dyra som Gurskøy sør vald felte, blei felt i Herøy. Dei 74 resterande dyra blei felt i Sande kommune. Totalt blir det 93 dyr, altso to fleire enn det Rovde opplyser om, men tala er som nemnt førebels omtrentlege. Uansett konkluderer både Storegjerde og Rovde om ei god hjortejakt i Sande kommune i 2018.

Som før i Herøy

I Herøy var det derimot ei hjortejakt på nivå med tidlegare år. Leiaren for hjortejakta i Herøy kommune, Sigurd Nygard, er greitt nøgd.

– Det har vore omtrent som året før. Vi ligg på rundt 80–90 dyr. Det burde nok vore skote fleire dyr i ytre, seier Nygard.

Dei fjorten valda i ytre fekk tildelt 36 dyr, men felte berre 24. Noko som gir ein fellingsprosent på 67 %. Litt betre gjekk det for Moltu/ Gurskøya nordvest vald som felte 22 av 30 tildelte dyr, ein fellingsprosent på 73 %. Best fellingsprosent hadde indre vald med 76 % etter at dei skaut 36 av 46 tildelte dyr. I snitt felte valda i Herøy 72 % av dei tildelte kvotane, noko som betyr at 81 av 112 dyr blei tekne.

– Vi er stort sett nøgde, det har vore ei feilskyting, men den har vi også fått ordna opp i, seier Nygard.

Jobbar med driftsavtale, manglar ettersøkshund

Sigurd Nygard kan også opplyse at dei har enkelte utfordringar i Herøy.

– I ytre bør ein bli ferdige med ein driftsavtale, slik at ein kan lage eit stort vald. Det manglar nokre underskrifter frå grunneigarar, men fleire har komne langt i den prosessen, opplyser Nygard.

Han seier at han no har venta 3–4 år på at driftsavtalen skal kome i hamn, men at han har forhåpningar om at den skal vere klar i løpet av nokre månadar.

Ei anna utfordring er at valda i Herøy manglar ein ettersøkshund.

– Det er kritisk at nokon får trent opp ein, avsluttar Nygard.