Kjent som verdas første heilelektriske bilferje, har Norled-ferja "Ampere" fått mykje merksemd. Men grunna groe på aliminiumsskroget hadde ferja eit stadig aukande energiforbruk dei to første driftsåra, og etter to år var auken i energiforbruket på heile 20 %. Dette til tross for at Norled hadde vaska skroget og polert propellane kvart halvår. Då såg Norled seg nøydt til å gjere noko.

– Eit reint og glatt skrog skal ikkje undervurderast. Det såg vi på den stadig aukande energibruken som følgje av groe. Det blir veldig tydeleg på ein el-ferje, seier teknisk direktør Sigvald Breivik i Norled, i ei pressemelding.

I 2017 deltok representantar frå Norled på eit kurs innan overflatebehandling og malingsteknikk der Westing sine malingsekspertar introduserte det fluropolymerbaserte botnstoffet Intersleek 1100SR.

Etter den samlinga bestemte reiarlaget seg for å gå for Westing si løysing, og nytt botnstoff blei påført hos Halsnøy Verft.

– Vore ein suksess

Norled hadde ingen erfaring med Westing si metode på førehand, men sett i etterkant var det heilt klart eit godt val for reiarlaget.

– Våre forventningar var høge, og etter over eit års drift har Intersleek 1100SR verkeleg innfridd. Det nye botnstoffet har effektivisert drifta, og vi konstaterer at vi har oppnådd ein energisparing på 10 prosent sammenligna med då ferja var ny, forteljer Odd A. Tengren som er driftsinspektør hos Norled, i den same pressemelinga.

Dagleg leiar John Knutsen i Westing omtalar botnstoffet som ein vinnar for miljøet.

– Intersleek 1100SR frå International er vår premiumvariant, og det einaste botnstoffet på markedet som ikkje inneheld nokon form for biocider eller kopar, og dermed inga forurensing. Botnstoffet gir ein ultraglatt overflate, og det frigjer slim ved segling. Normalt vil det ikkje vere behov for å vurdere nytt toppstrøk før etter fem år. Dette er ein vinnar både med omsyn til ytelse og for miljøet, seier Knutsen.