– For oss fiskarar er det viktig at vi kan ha eit fiskemottak med opne dører her i Herøy.

Slik forklarar Nick Are Skorpen (31) bakgrunnen for tilbodet han har etablert, ilag med fiskekjøpar Raymond Moltu, til linefiskarar ved Marine Sales i Stokksund. Her får småbåtar som vil fiske med line eit totaltilbod som omfattar alt frå leige og egning av line, til agn, is og mottak av fisk.

Fiskemangel eit problem

Fiskekjøparen legg nemleg ikkje skjul på at det er råstofftilgangen, eller rettatre sagt mangelen på råstoff, som har vore den store motivasjonen for å ta kostnaden med å etablere ein lineeignesentral ved Marine Sales sitt anlegg i Stokksund.

Båtsfjord-modellen

I nord er tilsvarande tilbod heilt vanleg, og herøyfiskaren har sjølv flere sesongar bak seg med linefiske på Finnmarkskysten med utgangspunkt i lineservice frå eit fiskemottak i Båtsjord. Her får båtane kjøpt ferdig eiga liner og kan kan drive sjøen med klargjort linebruk for kvar dag.

Etter same modellen er det lineeignesentralen i Stokksund skal drivast, med tilbod om både utleige og egning av liner.

Minka dramatisk

– Så dramatisk som råstofftilganen har minka så måtte vi finne på noko, seier Moltu.

Han viser til at medan dei tidlegare kunne ta imot 3-400 tonn med sei i løpet av ein vinter, blei det ikkje meir enn 30-40 tonn sist vinter. Torsken har minka nesten heilt vekk på Møre-felta, og difor har dei lokale sjarkane gått nordover for å ta torskekvotane dei siste åra.

– Rett nok har det vore bra med breiflabb på sommarstida, men for å halde hjula gåande blir det for lite. Vi er nøydde til å ha noko i tillegg, seier Moltu.

Full klaff

Difor var det ei utruleg viktig oppdaging Nick Are Skorpen gjorde då han i fjor vinter bestemte seg for å sjekke forholda for å fiske med line på dei lokale bankane. Ikkje med autoline, slik nokre andre sjarkar har satsa på, men linefiske basert på den tradisjonelle måten med manuell egning.

Det skulle vise seg å bli full klaff for den røynde linefiskaren, som avslutta med å levere over åtte tonn siste dagen 20. februar i fjor.

Til saman resulterte prøvesesongen i over hundre tonn, med hovudsakleg hyse, i løpet av fem-seks veker med handegna liner i januar og februar. Det var meir enn han hadde tort å håpe på, og Skorpen fekk dokumentert at linefiske kan vise seg å bli eit godt alternativ til vinter- og hausstedrift for dei lokale sjarkane.

– I fjor vinter var vi heldige med vêret og kunne gå på sjø så og seie kvar dag. Det mest spennande blir no å sjå korleis denne vinteren vil bli vêrmessig, seier Skorpen, som denne veka starta på ein ny linesesong med nyesjarken han kjøpte frå Island i fjor sommar.

Einaste måten

Skorpen meiner at linealternative som Marine Sales no tilbyr er særleg aktuelt for gruppe 2-sjarkar med avgrensa kvote på torsk.

– For å få mest muleg ut av torskekvoten så er dette den einaste måten å gjere det på, seier han.

Ein annan fordel med manuelt linefiske er, ifylgje Skorpen, at då kan ein mann drive åleine, eller dei kan vere to. Dei som driv med autoline må derimot vere tre mann, eller gjerne også fire.

Samarbeid sjø-land

Resultatet av det opplyftande prøvefisket vart at Raymond Moltu og Nick Are Skorpen bestemte seg for å gå saman om å etablere lineeignesentralen i Stokksund.

Medan Skorpen har teke kostnaden med innkjøp av linebruk for utleige, har Moltu gjort det som var nødvendig av investeringar i anlegget på land. Moltu har også oppgradert arbeidsstokken sin og har hatt fleire av sine tilsette på opplæring i lineegning i Båtsfjord.

– Målet er at vi skal bruke våre eigne folk, og så leige inn egnarar for å ta unna toppane, seier han.

I haust har dei hatt fire mann ståande fast på egninga, men i sentralen er det plass til femten som kan egne på same tid.

– Om han får behov for så mange, veit Moltu enda ikkje, men det som starta med ein enkelt båt har allereie resultert i seks-sju andre påmelde båtar til den nye egnesentralen. To av dei er frå Hareidlandet.

Signala tyder på at deltakinga kan auke ytterlegare etter kvart.