– Vi har gjort eit vanskeleg, men godt vedtak. Eg er heilt sikker på at dette blir ein super hall for både skule og idrett, sa leiaren av plan- og byggenemnda, Thor-Sigmund Garvik, då avgjerda vart teke denne veka.

Valet skulle eigentleg ha vore tatt allereie i desember, men Garvik og nemnda valde då å utsetje saka fordi dei følte at omfanget av informasjonen som blei lagt fram var for stor.

– Den gongen fekk vi sakspapira rett i handa på møtet, og ingen av oss var klare til å ta ei avgjersle. Vi valde derfor å utsette valet slik at vi kunne sette oss ned å sjå ordentleg på papira, seier Garvik i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Tilrådde Hugaas entreprenør

Rådmannen i Herøy kommune hadde før møtet kome med ei tilråding om at plan- og byggenemnda burde velje Hugaas entreprenør til oppdraget. Dette var innstillinga også til det første møtet, og eigedomsleiar Robert Myklebust kunne opplyse tidleg på det andre møtet at det frå administrasjonens ståstad ikkje var nokon endringar i det synet.

I tilrådinga frå rådmannen kan vi lese at tilbodet frå Hugaas entreprenør blir vurdert som best, både med tanke på kvalitet og pris. Rådmannen meiner derimot at Prosjektbygg har valt ei betre løysing når det kjem til materialkvalitet. Dei vil bygge hallen av prefabrikkerte betongelement, medan Hugaas sitt tilbod var basert på ein stålkonstruksjon med sandwich-element, og med trekledning på servicedelen av bygget. Rådmannen presiserte samtidig at konkurransen har vore tett.

Med i tilrådinga var også ein uttale frå ei prosjektgruppe ved Einedalen skule, samt ein frå Bergsøy handball. Begge to gjekk inn for Hugaas entreprenør sitt tilbod, og handballgruppa gav også 10/10 på alle punkt i si vurdering av Hugaas entreprenør sitt tilbod.

– Forstår ikkje poengsettinga

– Tilboda var nesten identisk på pris, men alle i nemnda var einige i at Prosjektbygg sitt tilbod var betre på kvalitet, seier Garvik om valet.

– Men dokke går her imot tilrådinga?

– Ja, vi går imot både administrasjon, skule og handball i valet. Men det er ingen i nemnda som forstår den poengsettinga som har vore gjort, seier Garvik.

Han forklarer det med at det sjølvsagt er pluss og minus med begge to, men at dei ikkje er i tvil om at Prosjektbygg si løysing er mest framtidsretta. Han trekk også fram at Prosjektbygg si løysing har fokusert på viktige element som lærargarderobe i tilknyting til elevgarderobe, direkte tilkomst til hallen og tak mellom hall og skule.

– Vi meiner at vi no har landa på det beste valet i det som har vore ei vanskeleg sak. Vi ville nok fått kritikk uansett kva val vi hadde gjort, og valet er absolutt ikkje gjort på bakgrunn av at Prosjektbygg er ein lokal entreprenør. Eg er heilt sikker på at dette blir ein flott hall for både skule og handball/idrett, avsluttar Garvik.

– Den andre var meir funksjonell, men vi er glade

Rektor ved Einedalen skule Jan-Helge Langberg var den som sende inn vurderinga frå Einedalen skule. Han tek valet til vitande.

– Vi vurderte hallen som Hugaas ville bygge som meir funksjonell, men for oss er det uansett ei gladsak. Det viktigaste er at vi får hall, seier han.

Kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, er einig.

– Det vil alltid vere nyansar som skil tilbydarane, og eg er sikker på at plan- og byggenemnda har gjort eit godt val. No kan ein sette spaden i jorda, seier ho.

Samtidig som Prosjektbygg blei valt som entreprenør, vedtok plan- og byggenemnda at eit tribuneanlegg i hallen skal byggast no. Prisen for fleirbrukshallen i Einedalen er på ca. 30 millionar kroner.

– Bra dei tok omsyn til kvalitetsforskjellane

Dagleg leiar i Prosjektbygg, Sindre Thorseth, er glad for at plan- og byggenemnda gjekk imot tilrådinga frå administrasjonen.

– Resultatet vart som det burde vere. Dette viser at nemnda har teke omsyn til dei kvalitetsforskjellane som er, og også lagt merke til at vi er økonomisk billigast, kommenterer Thorseth.