Politiet har ikkje greidd å finne ut kven som stod bak skadeverka som blei utførte på Myrsnipa barnehage og Leikanger skule i fjor sommar. På sistnemde blei det utført skade på fasaden, medan det var taket det gjekk ut over på Myrsnipa.

Det har ikkje framkome tilstrekkelege opplysningar til å identifisere gjerningsmannen. Difor er forholda vekklagde, skriv Politiet i ei kort melding til kommunen.

Eigedomsleiar Robert Myklebust er ikkje overraska over konklusjonen som Politiet kjem med.

– Det er stort sett slik det går i saker som desse, seier Myklebust, og slår fast at det ikkje er så lett å sikre spor som Politiet kan ha å arbeide etter.