– Vi har vore gjennom ein krevjande og svært hektisk periode. Serien med nybygg er levert, og vi har den siste tida sikra oss ei rekkje oppdrag i ettermarknaden, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide til Vestlandsnytt.

Han legg ikkje skjul på at verftet på Vågsneset dei tre fire siste åra har vore gjennom ein knalltøff periode der dei økonomiske resultata har vore elendige.

– Vi var nøydde å køyre ein restruktureringsprosess, og denne har vi no jobba oss gjennom. I tre år enda lønsforhandlingane med nulloppgjer.

Dei tilsette vart dessutan med på ei ordning der dei sette av litt av løna si som eit solidarisk lån til selskapet. I 2018 kjøpte Hurtigruten ut Kleven Verft og eit par selskap til frå konsernet og dermed segla Myklebust vidare med dei gamle eigarane med på laget.

– Vi er i ferd med å konsolidere stillinga. Målet er å gå i balanse på sjølve drifta i året som snart er omme. Vi ynskjer sjølvsagt å tene pengar igjen, og det hadde vore veldig positivt om vi kom i posisjon til å kunne betale tilbake det som dei tilsette har lånt verksemda.

Han seier seg stolt, men ikkje overraska, over at Myklebust har ein svært stabil og lojal arbeidsstokk der dei tilsette har stått skulder ved skulder med verksemda i denne tøffe perioden.

– Det har vore jobba veldig godt, av veldig mange, for at vi skal kome gjennom ei krevjande tid, Vi set også pris på alle dei kundane som har hatt tillit til og nytta seg av oss i denne perioden, seier bedriftsleiaren.

Hide meiner Myklebust Verft no skal vere bra rusta for å møte ei ny framtid.

– For oss handlar det om å få ein betre balanse mellom bygging av nye fartøy og oppdrag innan vedlikehald, reparasjonar og ombyggingar. Vi har ikkje landa noko nybygg enda, men vi har hatt godt med arbeid innan ettermarknaden, og framover er det landa om lag femten ulike prosjekt av større og mindre omfang. Både kaier og ikkje minst dokka er rimeleg fullbooka utover vinteren.

Myklebust Verft har hatt nokre få permitteringar knytt til logistikk-avdelinga. Elles har det vore full aktivitet i alle ledd, og slik håpar ein det vert vidare framover. Myklebust Verft blir liggande på rundt 120–130 fast tilsette i tida som kjem. Ein er også i sving med å sette den nye organisasjonen, der ein også skal ha inn nye folk i enkelte nøkkelposisjonar.

Av oppdrag i ettermarknaden peikar Hide på ombygginga av eit AHTS-skip frå Mærsk til standby-klasse. Kleven Verft-bygde Maersk Mobiliser skal klargjerast for oppdrag i kanadiske farvatn, der skipet skal flytte på isfjell som står i fare for å kome nær oljeinstallasjonane.

– Det er viktig for oss å få inn nye kundar, som til dømes Maersk, påpeikar Hide. Han fortel elles om trålarar, kabelleggingsfartøy og brønnbåtar som skal få utført arbeid i Gursken denne vinteren. Flytedokka er og blir eit viktig verktøy for verftet.

For nokre år sidan vart det utarbeidd ein ny reguleringsplan for Myklebust Verft, der det låg store planar for vidare utbygging av verftsområdet.

– Det er bra at denne jobben er gjort. For oss er dette viktige avklaringar som opnar for vidare ekspansjon ved behov. Førebels er det likevel ingen konkrete planar om utbygging.

Myklebust Verft er i dag eigd av fleire investeringsselskap. Største eigar er Inyard Invest (Åge Remøy m/ fam. pluss Magnus Roth), medan John Kleven As (Kjersti Kleven og Anne Lise Kleven Godø) har nest største aksjeposten med knappe 17 prosent av aksjane. Gjennom tre ulike selskap har dessutan Hurtigruten As, med Petter Stordalen som storaksjonær, rundt 38 prosent av eigarskapen i Myklebust Verft.