Dette ble klart då Stiftelsen UNI i sitt styremøte 05. des. 2018. Der bestemte dei å innvilge kr. 300.000 til jektnaustet på Herøy gard.

- Møre og Romsdal fylkeskommune, vurderar Sunnmørsjekta «Anna Olava» som viktig for formidling av Sunnmøres historie. Det unike fartøyet bør takast godt vare på og vere best mogleg tilgjengeleg for allmennheita, heiter det i ei pressemelding.

Fartøyet er nå i god stand, etter rehabilitering som blei utført i 2017, men den treng ein god plass for opplag i vinterhalvåret kombinert med tilrettelegging for formidling.

Det planlagde bygget skal, i tillegg til naust for «Anna Olava» på 126 kvadratmeter, også innehalde eit formidlingsrom om jekta på 41 kvadratmeter.

Styret i Stiftelsen UNI har i 2018 delt ut nesten 45 millionar kroner til 230 forskjellige prosjekt.