– Etter ei samla vurdering av opplysningane i saka finn fylkesmannen at fordelane ved å gje dispensasjon frå arealføremål ikkje er klart større enn ulempene. Det aktuelle tiltaket kan difor ikkje godkjennast.

Slik heiter det i ein fersk konklusjon frå fylkesmannen i saka som gjeld den private søknaden om utlegging av flytebrygge i småbåthamna i Hallebygda. Dermed vert kommunen sitt løyve avslått, og klagen frå Hallebygda småbåtlag er teken til fylgje.

Saka skriv seg heilt tilbake til 31. mai 2011, då Arthur Vestnes søkte om løyve til utlegging av flytebrygge. Det vart også søkt i 2016 og 2017.

Fylkesmannen har hatt saka på bordet to gongar tidlegare. Første gongen vart saka send tilbake til kommunen fordi kommunen ikkje hadde teke stilling til arealføremålet på land/sjø, eller plan- og bygningslova § 29–4. Den andre gongen vart kommunen sitt løyve til etablering av flytebrygge, endra av fylkesmannen til avslag. Dette fordi tiltaket ikkje kunne godkjennast utan dispensasjon.

I strid med arealføremålet

I august i år behandla formannskapet saka på nytt. Det vart gitt løyve til etablering av flytebrygge med ei utstrekning på inntil 10 meter frå oppmura landkar. Vedtaket vart påklaga av Hallebygda småbåtlag, som meiner brygga vil vere til hinder for den felles flytebrygga til småbåtlaget. Formannskapet behandla saka på nytt, og heldt fast på å gje løyve.

Søkjaren har bede om synfaring på staden, noko fylkesmannen meiner ikkje er naudsynt, på grunn av omfattande dokumentasjon i saka. I det ferske avslaget skriv fylkesmannen mellom anna:

– Det aktuelle tiltaket vil vere i strid med både rettsleg bindande arealføremål på land og i sjø samt forbodet i pbl. § 1-8, og vil difor vere avhengig av tre dispensasjonar. Og:

– Det er fyrst og fremst personlege fordelar som er oppgitt som grunnlag for dispensasjonssøknaden. Slike omsyn kan i liten grad tilleggast vekt. Dersom det blir gitt dispensasjon i denne saka vil det kunne medføre uheldige presedensverknader for seinare saker. Det kan påverke viktige interesser for båtferdsel knytt til etablert felles flytebrygge på ein negativ måte, samtidig som strandsona vert privatisert, heiter det frå fylkesmannen.