Saman med ordførarane i Volda, Ulstein, Hareid, Ørsta og Vanylven, har Arnulf Goksøyr og Dag Vaagen uttrykt si uro over økonomien i helseføretaket – i eit brev som er sendt til Helse- og omsorgsdepartementet.

Her ber dei statsråden gjere ein analyse av helseføretaket sin økonomiske situasjon, og vurdere føretaket si berekraft opp imot dei plikter føretaket har for å levere tenester med pasienten i sentrum.

– Vi opplever at Helse Møre og Romsdal sine økonomiske rammer ikkje står i stil med dei utfordringane helseføretaket står overfor. Dette opplever vi ligg på eit nivå over det styret og administrerande direktør for Helse Møre og Romsdal er i stand til å løyse innafor eigne rammer. Vi finn det difor nødvendig å vende oss direkte til helseministeren som ansvarleg instans, skriv dei sju ordførarane i oppropet til departementet.

Dramatisk

Her slår dei fast at situasjonen i Helse Møre og Romsdal verkar svært dramatisk, slik kommunane er gjort kjende med den gjennom media.

Ordførane slår òg fast at kommunane ikkje kan kompensere for kutt i helseføretaket, og understrekar at samhandling ikkje er nok. Dette handlar like mykje om økonomiske rammer. Slik bildet no blir teikna, vil nedskjeringane svekke spesialhelsetenesta i regionen i betydeleg grad.

Ut frå ordførarane si tidlegare erfaring vil nedskjeringane medføre overføring av oppgåver til kommunane utan sams planlegging for pasienten sitt beste.

Vil gå ut over pasientane

– Vi er urolege for at helseføretaket manglar handlingsrom til å ivareta eigne oppgåver, og at det vert ei skyving av oppgåver og utgifter på kommunane i eit forhasta tempo som kan gå ut over pasientane sitt beste, heiter det.

Vidare ber dei sju ordførarane statsråden om å vurdere alternativ finansieringsmodell for bygging av sjukehus som sikrar stabile og realistiske rammevilkår i drifta.

Dei ønskjer dessutan at det blir gjort ei vurdering av den interne fordelinga av midlar innafor føretaka i Helse Midt-Norge.