Helse og omsorgssektoren i Herøy ynskjer i sin nye handlingsplan å ha større fokus på heile livsforløpet til innbyggjarane. Planen har eit tidsperspektiv på åtte år, med ein handlingsdel på fire år. Eit av formåla med planen er at innbyggjarane i større grad kan ta ansvar for eige liv og helse.

Digitalisering er og eit viktig stikkord, og takka vere ei ny helseplattform skal ein no få samla all informasjon i eit system. Slik får alle informasjonen ein treng for å gi god behandling, seier Rossi-Kaldhol.

På det siste formannskapsmøtet orienterte Rossi-Kaldhol om planen.

– Vi vil styrke heimebasert omsorg. Og sjølv om vi ikkje har fokusert på det, vi treng også sentrumsnære omsorgsbustadar då det er der aktivitetane skjer. Når folk blir so dårlege at dei treng institusjonsomsorg, skal dei sjølvsagt få det akkurat som i dag. Vi meiner at vi er godt skodde for framtida, men at vi kanskje treng å fokusere litt meir på dei under 67 år, sa Rossi-Kaldhol mellom anna.

Dei ser også eit behov for fleire aktivitetar for sårbare grupper.