Med over førti års teneste i firmaet vanka det ikkje berre gullklokke, men også Norges vel sin medalje for lang og tru teneste, då firmaet nyleg hadde ei førjulssamling på Skotholmen.

Dit var også ordførar Arnulf Goksøyr invitert for å stå for overrekkinga. Sjølv forsikra veteranen at han ikkje har tenkt å gi seg på mange år enda.