Tysdag morgon inviterte Kystverket beredskapspersonell i naudetatane til møte om Gjerdsvika hamn. Målet for møtet var å informere naudetatane om hamneprosjektet, kva utstyr og personell som er i sving i Gjerdsvika under prosjektperioden, samt å få ei oversikt over tilgjengelege ressursar i nærområdet.

Godt i rute

Innleiingsvis fekk vi ein kort presentasjon av prosjektet og status så langt.

– På dette tidspunktet vil eg seie vi er godt i rute. Eg trur vi skal vere ferdige her til 1. september 2019.

Det var noko av det Morten Tøgersen, byggeleiar i Kystverket, kunne opplyse om. Samtidig uttrykte han spenning for korleis vêrforholda vil bli i tida framover, då dette er den faktoren han ser som mest utfordrande.

– Men vi er frå Nord-Norge, så vi er vane med styggevêr, fleipa Tøgersen.

Hadde mange spørsmål

Etter ein generell presentasjon av prosjektet, var det hovudentreprenør Secora AS ved Rune Laberg Olsen som fekk ordet. Han delte informasjon om utstyr og personell på byggeplassen. For naudetatane sitt vedkomande var det mest interessant å få informasjon om «Berghavn», det store gravefartøyet som husar opp til 10 personar som går i vaktturnus. Den har også 70 m3 drivstoff og 10 m3 olje om bord, informasjon som brannvesenet såg på som veldig nyttig å vite. Dei stilte også fleire spørsmål kring lagring av gass og tilgang på nødvendig sløkkingsutstyr.

Det andre fartøyet det vart fokusert på, var den mindre riggen «Vestbor». Det er ein bore/sprengerigg. Politiet, ved lensmann Tor Sæther, var spesielt interessert i å kartlegge lagringsrutinane og bruken av sprengstoff om bord. Her kunne entreprenøren fortelje at sprengstoffet blir transportert i godkjent hengar frå eit eksternt lager til Gjerdsvika. Det er streng sikkerheit rundt tilgang, og sprengstoffet som ikkje blir brukt, vert køyrt tilbake til lager etter at arbeidsdagen er slutt. Sæther verka tilfreds med informasjonen han fekk.

– Eg fekk svar på det eg lurte på. Sikkerheita ser ut til å vere godt vareteke av profesjonelle aktørar, sa Sæther.

Viktig

Etter ein gjennomgang av HMS rutinar frå både Kystverket, Secora og Aurvoll og Furesund, fekk brannvesenet ei synfaring om bord i «Berghavn». Her fekk dei orientere seg om kvar alt av nødvendig utstyr er lagra, sjå maskinrommet, opphaldsromma og lugarane for dei som bur om bord i fartøyet. Det blei sett på moglegheiter for tilkomst og vart snakka om ein tidlegare, og til dags einaste brannen om bord i den store gravemaskina. Heldigvis kom ingen til skade då denne fann stad, noko som var tryggande for brannvesenet å høyre. Dette viser at rutinane ved ulykker fungerer. Det er spesielt viktig om bord på fartøy som dette då det i realiteten vil ta litt tid før brannvesenet vil vere på plass ute på ein slik rigg.

– Det er drivne folk som er her. Det verkar som alt er på stell med dei, men det er veldig greitt for oss å vite kva ressursar som er her slik at vi kan spele på lag i tilfelle det skulle skje noko.

Det seier Kjell Hauge i Sande brannvesen.

– Eg føler meg tryggare på ein eventuell naudssituasjon etter å ha fått denne synfaringa, og vi er samstundes veldig imponerte over arbeidet som går føre seg her, konkluderer Atle Beitveit, også i Sande brannvesen.