Torsdag kveld kom nyheita om at Larsnes/Gursken hentar inn G16-trenar i Bergsøy, Anders Helsem Hoff, som ny hovudtrenar for klubbens A-lag. Hoff sluttar dermed i Bergsøy, klubben der han har hatt ulike roller sidan han var seks år gamal.

– Eigentleg trudde eg det skulle bli vanskelegare å forlate Bergsøy, klubben der eg har fått både erfaring og veldig mange gode minne, men akkurat no følast det heilt riktig, seier Helsem Hoff. Som legg til at han heilt klart vil halde fram med å følgje med på barndomsklubben.

Vestlandsnytt har fått bekrefta frå Bergsøy at Anders Helsem Hoff, i likskap med Bergsøy-legende og juniortrenar Frank Sverre Kopperstad Skorpen, var ein intern kandidat til jobben som hovudtrenar for herøyværingane, men at valet falt på Tommy Malins.

Hoff håper at hans nye klubb skal vere gode nok til å utfordre rivalen frå Herøy den komande sesongen.

– Det hadde smakt ekstra godt å hamne over Bergsøy, gliser Hoff.

Imponert over LGFK

Hoff fortel at han har vore i dialog med LGFK i ei periode no, og at han har blitt imponert over engasjementet og dugnadsånda i Sande-klubben.

– Det er fantastisk kjekke folk i LGFK, og dei har tatt meg veldig godt imot. Det ser ut til å vere ein klubb som passar meg supert, seier han.

Herøyværingen er klar på at han blir motivert av oppgåva han står overfor.

– Eg likar å utfordre meg sjølv, men største motivasjonen er å sjå kva vi kan få til i LGFK. Vi har eit mål om å etablere oss høgare oppe på tabellen ved å realisere litt meir av potensialet som er her. Vi skal bli betre enn førre sesong, seier Helsem Hoff.

– Skal vere kjekt å sjå på

Den nye trenaren gler seg no til å vere ansvarleg for det han omtalar som ei spennande spelargruppe, med ein fin miks av rutinerte og unge spelarar. Han ynskjer at Larsnes/Gursken skal spele ein god og fartsfylt fotball.

– Vi har eit spelande og teknisk godt mannskap i klubben, og det bør vi utnytte. Målet er derfor at vi skal spele ein fotball som er kjekk å spele, men også kjekk å sjå på. Også skal vi sjølvsagt vinne kampane, smiler Hoff.

Ingen stor forskjell

Helsem Hoff går no frå ein jobb som trenar for eit G16-lag til å bli sjef for eit seniorlag. Men han trur ikkje det blir store forskjellen.

– Ein kan sjølvsagt sette litt andre krav, men i det store og heile so er forskjellen liten, trur LGFKs nye hovudtrenar.

Han trekkjer elles fram sine menneskelege evner til å ha behandle spelarane rettferdig og rett som ein viktig kvalitet han tek med seg inn i jobben.

Vaagen blir med vidare

For enkelte kan det kanskje verke litt rart at Larsnes/Gursken tilsett ein ny hovudtrenar all den tid den førre ikkje offisielt har gitt seg. Men Vestlandsnytt veit at Anders Vaagen har hatt eit ønske om å gi frå seg trenaransvaret. Avgangen er soleis heilt udramatisk.

Helsem Hoff kan også opplyse at Vaagen blir med vidare som spelar. Hoff har samtidig planar om å behalde den lokale profilen i klubben.

– Vi vil alltid vere interessert i spelarar med lokal tilhøyrsle. Og vi jobbar med å hente inn ein spelar eller to som har vore i klubben før, avsluttar Hoff og ber folk følgje med.

Frå LGFK si side blir det uttrykt ei stor glede over å ha sikra seg Anders Helsem Hoff, som dei trur vil tilføre laget mykje kompetanse og erfaring, noko som kan vere nyttig i arbeidet med å utvikle laget vidare.