Som vanleg var budsjettet årets siste sak i kommunestyret. Konstituert rådmann Oddbjørn Indregård innleia med å fortelje om inntekter og utgifter. Trongare rammer er ein gjennomgangstone i mange kommunar i desse dagar, også i Sane. Der må sektorane spare om lag 8 millionar kroner.

– Førstelinjetenestene vil merke dette. Og vi har ingen reservar å flyte på, sa Indregård mellom anna.

Liv Sæther Myskja (Sande vest) lurte på om det er mogleg å kutte i biblioteket, som er sett opp med 1,2 mill. kr. Dette med vising til alle dei andre kutta på oppvekst/kultur. Kommunalleiar Øystein Johansen opplyste at det var lite å hente her. Det måtte i tilfelle vere gjennom redusert opningstid og dermed også stillingsprosent, noko som kunne medføre fare for at ein mister lovpålagde nøkkelfolk.

Felles eining i ytre

Johansen vart utfordra av Bjørn Flatøy (Sande vest) til å seie korleis han tenkjer seg organiseringa av skulane på Kvamsøya og Sandsøya, som formelt sett vert éi eining.

– Einingsleiaren skal ha faste tider begge stadar, som i dag. Eg tenkjer vidare at ser på lærarkreftene under eitt, både når det gjeld kompetanse og volum. Men vedtaket inneber at elevane skal vere på kvar sine skular, sa Johansen.

Gjerdsvika mister neste år eit klassesteg, og også her skal det vurderast om det blir ei felles leiing med Gursken skule, og/eller om ein skal vurdere barnehagane i Gjerdsvika og Haugelia skal vurderast inn mot ein effektivisering administrativt.

Det var elles lite spørsmål rundt helse/omsorg, der det også skal kuttast mykje. Mellom anna skal avdelinga Tinghaug stengast ned.

– Det er «hårda bod», kommenterte ho som frå nyttår skal leie både heimetenesta og sjukeheimen, Kari Johanne Skarmyr.

Utanom dei sjølvkostbaserte VAR-investeringane er det rundt 15,5 millionar som skal investerast for neste år. Til kommunestyret la ordførar Dag Vaagen (H) inn ein ekstrasum til ambulansebåtkai på Voksa, der det har blitt ein ekstraordinær situasjon med mykje båredrag i det siste (på grunn av vegvesenet sine endringar på ferjekaia).

Bekymra opposisjon

Camilla Auflem Vik (Ap) uttrykte bekymring for kva fylgjer budsjettet vil få.

– Eg er bekymra for dei som treng oss mest. Eg møter bekymra vaksne var dag, dei tenkjer på skulen. I år vart budsjettet ei særs vanskeleg sak, sa Vik. Ho frykta ein skulle få tilstandar der redusert vikarbruk kan føre til enkeltdagar der elevane ikkje får lærar.

– Vi seier at dette er lovleg. Men er det tilfredsstillande, spurde ho retorisk.

Anker Hagen (Sp) sukka oppgitt. Han var redd nedskjeringane går ut over dei som treng ekstra hjelp, anten vi snakkar skule eller heimeteneste.

– Eg var med i gruppa som skulle sjå på skulesektoren. I dag sit vi med akkurat same skulestrukturen vi hadde før, sa Hagen mellom anna. Han peika elles på Gjerdsvika skule direkte, og synte til at berre 11 av potensielt 22 gjerdsvikelevar går på skulen i heimbygda.

– Vert mykje negativt

– Det vert mykje negativt her, kommenterte Bjørn Flatøy. Han streka under at kommunen prøvar å gjere det beste i ein økonomisk vanskeleg situasjon.

– Eg trudde debatten om skulestruktur var over no. Det er same folket som no snakkar om dårleg tilbod, som heller ikkje ville snakke om kommunesamanslåingar. Uansett er det i år fødd «ei lita klasse» i heile Sande, så at her kjem endringar på sikt, er ikkje til å kome vekk ifrå, sa Flatøy.

– Eg ville ha kommunesamanslåing! repliserte Hagen.

– Eg ville ikkje ha. Og det hadde ikkje vore skule på Gurskøya om vi hadde gått for det, repliserte Vik.

– Overadministrert!

Også Einar Ekroll (V) nytta høvet til å teikne eit dystert bilde av situasjonen.

– Det har vore sagt at vi sit stille i båten. Eg meiner vi «skotar oss inn i framtida». Då eg kom inn i politikken auka vi talet på kommunalsjefar og reduserte opningstidene på servicekontoret, sa Ekroll, som hevda kommunen er overadministrert. Også Ekroll meinte arbeidet i gruppa som skulle vurdere strukturen var heilt bortkasta.

– Tenk å sløyfe UKM og kulturmidlar, og redusere på kulturskulen. Det er pengar som skulle gå til dei unge, vår stoltheit, la Ekroll til.

Varaordførar Anne Marte Beitveit repliserte til Ekroll at ho slett ikkje såg på arbeidet i «skulegruppa» som bortkasta. Ho peika også på at det no er vedteke å innføre endringar.

– Eg ser annleis på det. Vi tek vare på borna, noko vi ikkje ville ha gjort om å skulle sende seksåringar til skule med båt, sa Beitveit.

Oversendingsframlegg om nysatsing

På møtet lanserte elles Ap, Sp, V og Frp eit oversendingsframlegg der også H og Vest stilte seg bak sjølve sendinga.

– Kommunen må få hendene på rattet og skape framtidstru. Vi må jobbe saman og ha tankar om oss sjølve som utviklarar, sa Camilla Auflem Vik (Ap) då framlegget, som har målsetting om å auke folketalet, vart presentert.

Inge-Jonny Hide (H) meinte framlegget er positivt på alle vis.

– Nokre meiner vi har vore litt bakpå i kommunen. Kanskje har enkelte det. Men hugs; i nokre periodar handlar det meir om drift enn om strategi. Vi var heilt nøydde til å rette kursen, og slikt tek fokus, sa Hide.

Han minna om barnehageutbyggingar, satsing på tomter og bustadbygging, hamner og infrastrukturtiltak so er viktige for at folk skal kunne bu i kommunen.

– Vi kan gjerne starte kampanjar for tilflytting, men kva med skulebildet? Dette er for mange bygder ei låk sak der det er vanskeleg å heise flagget, i alle fall førebels, sa Hide.

– Vanylven har gjort mykje rett, og dei har mykje dei same utfordringane som oss, parerte Auflem Vik.

Ordførar Dag Vaagen (H) meinte oversendingsframlegget kan resultere i eit arbeid som til dømes kan bli ein del av samfunnsplanen. Vaagen – og fleire med han – nytta på julemøtet elles høvet til å takke administrasjonen og dei tilsette for eit godt gjennomført driftsår.