– Til no har det vore jamt med påmelding, men vi reknar med at det vil ta av når fristen nærmar seg, seier Jøsok Kvalsvik.

Han siktar seg inn på 10–15 påmelde lag når turneringa brakar laust i Herøyhallen 2. juledag. I fjor var det ti lag som deltok i turneringa. I år er påmeldingsfristen sett til 19. desember, altså om ikkje så alt for lenge. Jøsok Kvalsvik gler seg over at ein del lag allereie er påmelde. Mellom dei finn vi fjorårsvinnar Gursken.

– Det er derimot meir usikkert om fjorårets tapande finalist, Z United, går for revansje. Dei har ikkje meldt seg på endå, og eg trur dei slit med å stille lag, seier Jøsok Kvalsvik.

Men Z United-sjef Sami Zemichael er optimistisk.

– Vi blir med! Og i år skal vi vinne både pengar og ære, seier Zemichael.

Arrangørane i Bergsøy planlegg å stille med minst eit lag frå A-stallen, samt juniorlaget og to lag frå G16.

– Vi håpar at også Larsnes, Tjørvåg, Gjerdsvika og dei andre klubblaga i Herøy og Sande vil stille med lag, seier «Jøsse».

For alle

Men Jøsok Kvalsvik er klar på at venelag er like velkomne som dei organiserte klubblaga. Einaste kravet som blir stilt er at alle spelarane må vere minst 16 år (fødd i 2002). Jøsok Kvalsvik har også eit håp om at vi får sjå damelag i cupen.

– Det har vore ein del interesse frå damelag, men førebels har ingen meldt seg på. Men toget har ikkje gått for damene, vi vil gjerne ha med ei dameklasse, seier han.

Jøsok Kvalsvik ser for seg at ein vil starte relativt tidleg på morgonen andre juledag med dei innleiande rundane, medan sluttspelet vil bli spela tredje juledag.

– Men det vil avhenge litt av kor mange som melder seg på. Forhåpentlegvis blir det mange, avsluttar Jøsok Kvalsvik.