Søndag kveld, like før klokka slo 23, var Linn Karin Johansen på veg heim etter eit besøk på Bølandet. Kveldens heimtur tok derimot ei vending då Johansen måtte bremse opp for å ikkje køyre på fleire kattar som plutseleg luska vitskremte langs vegen.

– Eg forstod med det same at her var noko som ikkje stemte. Etter eg hadde gått ut av bilen for å sjekke det nærare, fekk eg konstatert at heile sju kattungar, truleg ikkje meir enn 13–14 veker gamle, gjekk lause kring eit gamalt busskur der, fortel Johansen.

Ho prøvde sjølv å samle dei, men då dei var so mange og redde, måtte ho etter kvart gi opp. Linn Karin forhøyrde seg med folk i nabolaget og spurte om dei hadde kjennskap til kattane, men nok ein gong, ingen hell. Det var fyrst når Johnson kopla på Facebook-gruppa for sakna dyr i Herøy at løysninga på situasjonen melde seg.

Redda kattane

På gruppa er der nemleg to damer som slett ikkje er uvande med situasjonar som dette, sandssokningane Solveig Dyrhol og Jannicke Tanita Johnson. Allereie dagen etter, måndag, fatta dei ei avgjersle om at kattane skulle fangast, då dei ikkje klarte å finne tak i eigarane eller kvar kattane kom frå.

– Om vi ikkje hadde gjort det ville dei truleg ikkje overlevd veldig lenge. Eg hadde ikkje hatt noko god jul om eg ikkje hjelpte dei heller, seier Dyrhol, som sjølv har redda fleire kattar opp gjennom åra, og brenn for dyrevelferd.

Etter å ha leita ei stund måndag kveld, fann dei til slutt dei sju små, utan store problem.

– Vanlegvis kan dette ta tid, men sidan vi har vore bort i det før, hadde vi ein god plan som fungerte bra. Dessutan er dette snakk om kattar som allereie er tame.

Dyrhol fortel at ho var ute for ein liknande situasjon for nokre år tilbake i området kring Herøybrua. Der var det tre kattar som hadde fått same lagnad. Desse bur framleis hos Dyrhol, som no har ni kattar.

Trur dei er dumpa

Etter å ha tatt dei inn i varmen og gitt dei næringsrik mat og drikke, har Dyrhol fått studert kattane nærare. Ho er glad for å kunne seie at dei er friske og raske.

– Kattane har det veldig bra. Dei er tame, utruleg fine og var også friske då vi fann dei.

Men bak denne gladbeskjeden ligg det også ein trist teori. Dyrhol seier seg nemleg sikker på at dette ikkje er kattar som har rømt.

– Nei, eg ser nesten ingen annan konklusjon enn at dei er dumpa fordi nokon ikkje vil ha dei, slår ho fast og held fram:

– Dette er hårreisande og det gjer meg rasande. Det er faktisk straffbart å etterlate dyr i ein slik hjelpelaus tilstand.

Kattane vil få det trygt

Vidare fortel Solveig at ho har vore i kontakt med dyrevernet i Ålesund. Dei vil ta seg av fleire av dei sju kattane. Nokre skal også få nye heimar.

– Eg vil presisere; om det er nokon som faktisk har mista desse kattane, skal dei sjølvsagt få dei tilbake so lenge dei er skikka til å ta vare på dei.

Dyrebeskyttelsen Norge Møre og Romsdal skriv dette i ein mail til Vestlandsnytt.

– Dei er alle i god form, og har nok ikkje vore der lenge etter at dei blei funne. Det er ofte snakk om dumping om sommaren, men no har vi nok opplevd det like før jul, skriv dei.