– Vi ser med uro på kva stenging av rom på Sandetun vil føre til når ein samstundes skal redusere tilbodet til heimebuande, skriv Sande eldreråd i eit tillegg til si budsjettilråding.

Dei ber også om at satsane for tryggleiksalarm vert uendra, samt at kommunen planlegg bruken av den tidlegare Helse Sunnmøre-avdelinga i Sandetun-komplekset.

Går ut over dei svakaste

Rådet for likestilling av funksjonshemma kommenterer til budsjettforslaget at dei er bekymra over nedskjeringane i assistentressursen i grunnskulen. Dette vil gå ut over funksjonshemma elevar med behov for ekstra ressursar.

– Vi er uroa over at sengeplassar på Tingstova vert stengde, samtidig med nedskjeringar i tilbod til heimebuande og nedbemanning på helg i omsorgssektoren, heiter det i rådet sine budsjettkommentarar.

Rådet for likestilling av funksjonshemma meiner desse innsparingstiltaka vil slå negativ ut for brukarane.