Posisjonspartia Høgre, KrF og Frp varsla allereie under den avsluttande budsjettdiskusjonen i formannskapet at dei ville gjere nokre endringar på investeringsplanen som rådmannen hadde lagt fram. Det var difor lagt fram to alternative tilrådingar då budsjettet kom opp til diskusjon og endeleg vedtak i årets siste kommunestyremøte.

Dei store investeringane

Nokre av dei store investeringane er det brei semje om. Blant dei er opparbeidinga av bustadfeltet Bø/Arhaug som ligg inne med 6,5 mill. kr i 2019. Også bustadfeltet i Dragsund skal vidareutviklast og får til saman 10 millionar i løpet av 2019 og 2020.

Fleirbrukshallen ved Einedalen skule får byggjestart i 2019 og til tiltaket er det sett av 8 mill. kroner, og dermed er hallen sluttfinansiert. Ein legg også merke til at fleire av skulane skal utbetrast for større beløp, der Stokksund skule og Bergsøy skule Borga får mest pengar i 2019. I løpet av dei tre komande åra får Borga 16 mill. kroner, medan det er løyvd 10,5 mill. kroner til Ytre Herøy Ungdomsskule. Det vil også bli investert ein god del i den digitale satsinga som går føre seg i oppvekstsektoren, samt at posisjonspartia har bestemt at Ytre Herøy ungdomsskule skal få 1 mill. kroner til oppgradering av uteområdet.

Kommunestyret har også vedteke å løyve 18 mill. kroner i 2019 til den komande Fosnavåg brannstasjon og driftsbase. Oppgraderinga av Raud/Grøn avdeling ved Herøy omsorgssenter får 4. mill. i startfinansiering i 2019 og totalt 20 mill. kroner i løpet av dei tre komande åra. Oppgraderinga er svært viktig for at helse og omsorg skal klare driftskutta sine, og vil gjere det mogleg å plassere fleire i omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning.

Mindre til allmenningskaia

Rådmannen tilrådde å gi 5,5 mill. kroner til prosjektet med å heve nivået på Allmenningskaia. Dette for å sikre kaia tilstelling og tilpassing til kringliggande bygg/plass. Noko Svein Gjelseth og Arbeidarpartiet støtta.

– Vi meiner ytre allmenningskai er viktig, og vil heve ho. Den må ha same standard som kaia på hotellet, då det er det som er framtidsretta, sa Gjelseth.

Maktpartia Høgre, KrF og Frp var derimot ikkje heilt einige, og såg høvet til å spare litt pengar på kaia og tok summen ned til 2 mill. kroner. Allmenningskaia blei også flytta inn under byutviklingsposten, som samtidig blei auka til 6 mill. kroner. Dei andre investeringane her er den nye parkeringsplassen som skal kome ved parken i Fosnavåg sentrum, toalettbygget i parken og ein nye gangveg i Fosnavåg sentrum ved Bass Brothers.

Toalettet i Goksøyra

Løyvinga til toalettbygget i parken var elles grobotn for ein større diskusjon om forholda ved sanitæranlegget i Goksøyra. Kjell Runde (Folkelista/Sp) sparka diskusjonen i gong.

– Vi har snakka om turisme. Der vi finn desidert mest turistar er på Runde, og der står det eit falleferdig toalett. Eg ser at det er sett av 660.000 kr til det neste år, men det må nok meir til for å sikre heilårsdrift. Samtidig er toalettet i parken prioritet, eg ser iallfall ikkje at det skal kome like mykje turistar dit. Eg må dessverre åtvare om at der det ikkje er toalett, vil turistane gjere frå seg rundt toalettet, sa Runde.

Ole Brubakk (KrF) sa det slik.

– Vi må ha toalett slik at folk kan gjere frå seg. Men vi kan ikkje ha so flotte toalett at dei blir ein attraksjon i seg sjølve, meinte han.

Noko også Per Kristian Furø (Ap) spela på i sitt innlegg.

– På Runde er det berre fuglar som gjeld, det skal ikkje vere ein museumsstad, sa Furø.

Spesielt den første delen om at Runde berre er for dei som skal sjå på fuglar, utløyste sterke reaksjonar. Furø beklaga seinare utsegna og forsikra om at han blant anna har fått med seg ordførar Arnulf Goksøyr sine planar om ei turisme-satsing på øya. Men som Sigurd Nygard (H) påpeika, Goksøyr skal ikkje bygge offentlege toalett.

Når saka skulle avgjerast la Folkelista fram forslag om å gi toalettet same standaren som det i parken, men trekte forslaget sitt då Tine Storøy (H) offentleggjorde at posisjonspartia vil gi 1 mill. kroner til toalettbygget i Goksøyra.

Hadde gløymt kyrkja

Ein ting posisjonspartia hadde gløymt då dei la fram forslaget sitt var kyrkjelyden. Ordførar Goksøyr (H) forklara det slik.

– Eg måtte ringe leiaren i kyrkja og seie at vi ikkje har løyvd noko pengar til kyrkjelyden i det komande budsjettet. Det meiner eg er svakt av oss, spesielt når det sit to tidlegare prestar i formannskapet. Eg vil difor at vi skal løyve 500.000 kr både i 2019 og i 2020 til kyrkjelyden, sa Goksøyr.

Ole Brubakk (KrF) uttalte seg slik:

– Eg må seie meg lei for å ikkje ha merka innspelet frå fellesrådet. Eg kjenner godt til behovet i Indre Herøy kyrkje, sa han.

Ville satse stort i Myrvåg

Folkelista/Sp sine representantar stemte til slutt for posisjonen sitt budsjettframlegg, men kjempa også lenge for å løyve pengar til ei satsing i Myrvåg. Folkelista meiner det er eit stort unytta potensiale til samlokalisering av tenester i Myrvåg, samt nye handels- og tenestetilbod. Dei såg det som ein viktig strategi å ha ledig areal her, då dei ville unngå at kommunen taper av mangel på ledig areal. For å finansiere satsinga ville dei flytte pengane som er sett av til nye kaier på Mjølstadneset. Bjarne Kvalsvik grunngav det med at dei ikkje kan sette av so mykje pengar til ei kai dei ikkje veit når kan realiserast, om ho i det heile tatt kjem. Forslaget hadde derimot ikkje støtte, og fekk berre Folkelista/Sp sine fire røyster, samt stemma til Lars Ivar Moldskred (H).

– Skal bygge jektenaust og få ny bru

Arbeidarpartiet kjempa hardt for si kampsak om å gjere Herøy gard til eit levande museum.

– Vi vil gjere investeringar til inntektservervelse. Å ruste opp Herøy gard til eit levande museum vil vere viktig for turismen. Vi har difor sett av pengar til planlegging i 2019, samt 1 mill. per år i åra som fylgjer, sa Svein Gjelseth.

Men Ap fekk ikkje støtte for forslaget sitt, og Tine Storøy (H) meinte at dei allereie har ei god satsing på gong.

– I 2019 har vi allereie ei stor satsing på gong der med jektenaustet, og ei ny bru. Då blir det ikkje rett å seie at vi ikkje satsar på Herøy gard, meinte ho.

Rådmannen: Er dette trygt?

Olaus-Jon Kopperstad stilte spørsmål ved posisjonspartia sitt budsjettframlegg under det siste kommunestyremøtet.

– I løpet av økonomiplanperioden skal vi investere for 400 mill. kroner. Det skulle vi ha redusert. I staden vel vi å auke beløpet. Ein kan spørje, er dette trygt? Det ligg altso inne eit forslag om å auke gjeldsgraden i staden for å redusere han. Korleis skal vi finansiere det?

I mitt forslag ligg det inne bruk av disposisjonsfond og eigedomsskatt for å balansere drifta. Det er urealistisk at vi skal ta ned drifta i 2019 med 17 mill. frå starten, og då vi ikkje klarer det, vil kutta bli vesentleg større jo lenger ut i året vi kjem. I mitt innsparingsforslag skal vi bruke to år på å nå måla, sa Kopperstad.

Rådmannen uttrykte også bekymring for optimismen rundt skattevekst, og fastslo at økonomisjefen er skeptisk.

Hilde Marie Brungot (H) ville fremje at dei har kome fram til eit budsjett i balanse, men at også ho råda til å ikkje blir for optimistiske. Ho meinte også at ein må gjere alt ein kan for å finne innsparingstiltak.

– Om vi likar det eller ikkje, haud er den største utgifta, sa økonomen Brungot.