Dette er ein alvorleg situasjon, ikkje minst sett i lys av kommunereforma der nye «Stor-Ålesund» blir ein tung og vesentleg maktfaktor i åra som kjem.

Dessutan veit vi at kampen om midlane vert endå tøffare i framtida. Fylkeskommunen er frå før i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Same korleis ein vrir og vender på det, vert situasjonen endå tøffare når fylkestinget neste veke – i alle fall venteleg – vedtek bygging av Nordøyvegen.

Vår del av fylket har store utfordringar når det gjeld fylkeskommunen sine ansvarsområde. Nerlandsøybrua, Remøybrua, vidaregåande skular (kva skjer med Herøy vgs.?), Sande Fastlandssamband og Rovdefjordsambandet står i dag på kontoen for varierande grad av usikre postar i fylkeskommunen sine utbyggingsprogram.

Om Søre Sunnmøre i den komande fylkestingsperioden ikkje blir med i den beintøffe kampen om fordeling av pengar, er det ekstra utfordrande for vår region. Partia vil nok argumentere med at dei kjempar for alle delane av fylket. Men poenget er at vi må ha representantar på bana, ikkje på sidelinja, om det skal bli fart over sakene.

Partia sjølve har ansvaret for å lage representative lister. Det er ikkje gjort framfor fylkestingsvalet 2019. Det er ikkje berre sterkt skuffande, men samstundes urovekkjande for ein av landets mest næringssterke regionar.