Ordføraren og to komiteleiarar er mellom dei fire som ikkje stiller opp igjen for Høgre i Herøy.

Høgre er fyrst ute av partia i Herøy med å ha klar kandidatane for det komande kommunestyrevalet. På den nye lista finn vi sju av dei 11 som kom inn som faste representantar for fire år sidan.

Ordførar Arnulf Goksøyr stiller derimot ikkje opp på nytt, og Idar Tarberg, Stig Arne Sævik og Hilde Marie Brungot tek heller ikkje attval. Tarberg og Sævik har vore leiar for kvar sin komite den inneverande perioden.

– Tretti år i politikken må vere nok for min del, seier Tarberg som også har vore leiar for nominasjonsarbeidet.

Det er ei god stund sidan Høgre flagga Ann Kathrin (Tine) Storøy som partiet sin nye toppkandidat. Kumulert er også Tor Sindre Steinsvik, som stiller opp igjen etter ein fire års pause frå politikken.

– Det var mykje folk og god stemning på nominasjonsmøtet, fortel Tarberg.

Dei seks andre frå dagens kommunestyregruppe, som stiller på nytt, er Margareth Leinebø, Sigurd Nygard, Marthe Vågsholm Sævik, Bjørn Otterlei, Janne Kathrin Hansen Søvik og Arve Drabløs.

Dette er kandidatane som Herøy Høgre går til val med i 2019:

1. Ann Kathrin (Tine) Storøy (kum). 2. Tor-Sindre Steinsvik (kum). 3. Lars Ivar Moldskred. 4. Margareth Leinebø. 5. Carl Henrik Moltumyr. 6. Sigurd Nygard. 7. Marthe Vågsholm Sævik. 8. Bjørn Otterlei. 9. Janne Katrin Hansen Sævik. 10. Jan Arve Drabløs. 11. Kristin Hide Truelsen. 12. Kristian Remøy Bakke. 13. Torbjørn Hide. 14. Signe Sævik Monsen. 15. Fredrik Remøy. 16. Oddmund Voldsund. 17. Eilin Reinås. 18. Karl Petter Sortehaug. 19. Stefan Hansen. 20. Maria Sporstøl. 21. Andreas Leine. 22. Kjetil Jøsok. 23. Rikke Måløy Remøy. 24. Joakim Eiksund. 25. Jon Aklestad. 26. Mona Grethe Ryssevik. 27. Robert Kvalsvik. 28. Fredrik B aade. 29. Bente Storvik. 30. Steffen Voldsund. 31. Kjerstin Nygard. 32. Jørn Magnussen. 33. Kristin H. Sævik. 34. Jan Truelsen. 35. Marianne Hammerøy. 36. Jetmund Runde. 37. Endre Igesund.