Av ei pressemeding tysdag kjem det fram at det er engelske Tommy Malins som får jobben som A-lagstrenar for Bergsøy etter ein overraskande exit for Toni Sandanger.

- Stor tillit

Leiar i sportsleg utval, Ronny Pål Kvalsvik, seier valet falt på Malins basert på hans kompetanse og erfaring.

- Vi har stor tillit til at Malins er den rette personen til å bidra med å utvikle våre unge og framstormande spelargruppe. I tillegg meiner vi han har mykje å bidra med inn mot våre ungdomsspelarar og AFO.

- Ein spennande klubb

Tommy Malins fortel at han ser fram til å ta fatt på jobben:

- Bergsøy er ein spennande klubb som har ei lys framtid. Med tanke på dei gode fasilitetane og nivået på ungdomsavdelinga og A-stallen som er her, var det eit enkelt val å bli ein del av klubben. Bergsøy har ei talentfull og positiv spelargruppe, og målet mitt er å utvikle dette vidare. Vi skal stå fram med ein klar og tydeleg filosofi og spelestil på bana. Eg er også klar over at klubben har ei stor tilhengarskare, ein av mange grunnar til at eg valte å komme til Bergsøy. Eg ser fram til utfordringa med å gi dei underhaldande og god fotball.

Dagleg leiar Tom Beddari er fornøgd med tilsettinga, og ser positivt på framtida.

- Vi har lagt bak oss eitt år med høg aktivitet og fine sportslege resultat både innan seniorfotballen og aldersbestemt nivå. Vi ønsker å fortsette den positive utviklinga i klubben. Med tilsettinga av Malins, er ei viktig brikke på plass. Vi ser nå fram til vår fyrste fulle sesong med den nyopna Fiskarhallen, som gir oss topp treningsfasilitetar året rundt. Når vi i tillegg har mange motiverte og engasjerte spelarar, trenarar og frivillige i klubben, er det all grunn til å sjå lyst på framtida.

Vestlandsnytt kjem tilbake med meir om saka.