– Eg har høyrt mykje bra om Bergsøy og folket her ute. Samtidig veit eg at det er eit godt fotballag som har noko spennande på gong, seier Malins innleiingsvis.

Vi møter Malins på Havila Stadion Fosnavåg berre ein times tid etter at nyheita om at han blir den nye hovudtrenaren for Bergsøy blei kjend. Saman med dagleg leiar Tom Beddari vandrar han rundt på stadionområdet for å gjere seg kjend med fasilitetane på sin nye heimearena. Frå nyttår av blir Malins eit fast syn på fotballanlegget og elles i Herøy. Tommy flyttar nemleg til Fosnavåg når han no blir trenar for Bergsøy sitt A-lag.

Budd på Sunnmøre nokre år

Men engelskmannen er ikkje ukjend for dei som fylgjer litt med på lokalfotballen. Han har spela fleire sesongar for Volda i 3. – og 4. -divisjon, samt nokre kampar for Hødd 2 i årets 3. divisjon, men har også vore trenar for Gjerdsvika og spelarutviklar i Hødd. Ein jobb han gir seg i ved nyttår, då jobben i Bergsøy krev hans fulle merksemd.

– Hødd har vore ein fantastisk klubb for meg, og eg kunne ha halde fram der, men eg ville ta jobben i Bergsøy som er ei annleis utfordring, seier Malins.

Tommy vaks opp i Stevenage, men har også budd fleire år i London. I den engelske hovudstaden jobba han som lærar i bystrøk der borna ikkje har dei beste oppvekstvilkåra, og Malins si rolle som lærar var difor viktig for borna si utvikling. Men sjølv om han fann lærarjobben i London viktig, var det ein karriere som fotballtrenar han kunne tenke seg. Og den draumen førte han altso til Sunnmøre og Volda.

– Eg skulle eigentleg berre vere i Volda i eit år, men eg har blitt verande her fordi eg likar meg so godt, seier briten.

Har si styrke i det pedagogiske

Erfaringa som førstelagstrenar er ikkje den største, men Malins trur han har kvalitetar som kan ta Bergsøy vidare.

– Mi styrke ligg i det pedagogiske, og det å utvikle spelarar. Det viktigaste eg gjer då er å finne eit opplegg som utfordrar den enkelte, då det er utfordringar som utviklar eit menneske. Samtidig er det ei viktig føresetnad at trenarar og spelarar har respekt for kvarandre om ein vil lykkast, seier Bergsøy sin nye hovudtrenar.

Som hovudtrenar har han fått litt erfaring frå Gjerdsvika.

– Då eg trente Gjerdsvika lærte eg meg litt om det å vere førstelagstrenar. Det er litt det same som når du jobbar med yngre, berre at du må ha eit litt anna opplegg, og samtidig snakke med spelarane på ein anna måte, seier Malins.

Dagleg leiar, Tom Beddari, kan elles opplyse at han vil jobbe litt med yngre også i Bergsøy.

– Tommy si rolle er å vere klubbutviklar på sport, og A-trenar herre. Samtidig skal han hjelpe til på AFO og andre stadar der vi ser nytte av hans kompetanse, seier Beddari.

Gler seg til å møte spelarane

Malins går no inn i ein planleggingsfase før han byrjar i jobben for fullt etter nyttår. Blant anna skal trenarteamet rundt han på plass, og han skal bli betre kjend med spelarane.

– Eg har allereie byrja å sjå kampar på video, og i løpet av dei neste vekene vil eg kartlegge spelarane og finne ut kva dei tenker, og kva framtidsplanane deira er. Å bli kjend med og utvikle den noverande spelargruppa har prioritet, før vi eventuelt vil supplere den etterpå, seier mannen som skal ta Bergsøy vidare.

Når det gjeld målet for sesongen er Malins optimistisk.

– Opprykk er meir enn mogleg. Hødd 2 som eg kjem frå har gode spelarar, men eit ungt lag, og her i Bergsøy har vi eit veldig bra lag, seier engelskmannen.

Vil spele underhaldande

Den nye trenaren er klar på at ynskjer at Bergsøy skal spele ein fotball som begeistrar publikum.

– Vi skal ha ein spelestil der ting går fort, med mykje bevegelse. Vi ynskjer å kontrollere spelet, og tidleg gjenvinning vil vere viktig. Vi skal prøve å ha ein ballbesittande spelestil, seier Malins.

Han seier også at han ynskjer å prøve ut ulike formasjonar for å finne ut korleis Bergsøy fungerer best.

– Vi må finne ein formasjon som får det beste ut av dei ulike spelarane, seier Tommy.

Kunne enda i Bergsøy som spelar

Når Bergsøy no klarar å sikre seg Tommy Malins er det ikkje på første forsøk. Då Malins spela for Volda, prøvde nemleg Bergsøy å hente spelaren Malins fleire gongar. Men sjølv om det blir med eit år som spelarutviklar i Hødd, er engelskmannen ein type som blir ei stund i klubbane han er innom, og han valde å halde seg lojal til Volda.

– Eg er ein person blir som verande ei stund når eg kjem til ein klubb. Og det er også planen i Bergsøy, eg ser ikkje på dette som eit prosjekt for ein sesong, seier Malins, som elles beskriv seg sjølv som ein hardarbeidande kar, som har jobb nærmast som ein livsstil.

Korleis det går med han i Bergsøy får vi sjå neste år, når Malins er tilbake i Fosnavåg etter ei kort juleferie i London.

Og til dei som lurer på om han skal spele også, Malins sin spelarlisens blir flytta til Bergsøy, sjølv om han sjølv ikkje har tenkt den tanken enda.

Ser fram til å møte han

Kaptein for Bergsøy i 2018-sesongen, Daniel Jøsok Kvalsvik, ser fram til å møte sin nye sjef.

– Eg synast det er eit spennande val. No kjenner eg ikkje han so godt sjølv, anna enn at eg har spela mot han nokre gongar, men vi har høyrt mykje godt om han og han har eit godt rykte. Vi ser fram til å møte han, seier Kvalsvik.