Det seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide etter leveringa av to hypermoderne hybridferjer frå Myklebust Verft før helga.

Dei to ferjene, som er dei fyrste ferjenybygga frå Myklebust på 25 år, blei leverte sist torsdag og fredag med under 24 timars mellomrom.

Kontraktsverdien på dei to ferjene ligg på i overkant av 400 millionar kroner til saman.

Ni på femten månader

Sandeverftet sette dermed punktum for eit heseblesande nybyggingsprogram som har resultert i ni overleveringar over eit tidsrom på femten månader. No vil dei konsentrere seg om ettermarknaden fram til neste nybyggingskontrakt er på plass. Kva tid det skjer, kan Hide ikkje seie noko om per i dag.

Han trur likevel andre oppdrag enn nybygg skal gi nok å gjere for dei 120 fast tilsette i ein mellomfase for verftet.

– Vi trur det blir hektisk framover også, men færre folk som har det hektisk, seier Hide.

I den mest hektiske perioden var meir enn tusen personar i arbeid på verftsområdet i Gursken.

Skiftet i full gang

Mange snakkar om det grøne skiftet, men på Myklebust har dei jobba lenge med overgangen til meir miljøvenleg skipsfart. Det synlege resultatet er dei to ferjene til FosenNamsos Sjø, som er nyskapande og som prototypar å rekne på fleire område.

– Så mange prototypeløysingar som vi har om bord i desse ferjene har skapt utfordringar. Men desse er løyste gjennom eit godt samarbeid mellom leverandørar og reiarlag, seier Tor Inge Nordmo.

Han har leia ferjeprosjektet til fullføring, medan Øyvind Sandvik var prosjektleiar i startfasen.

– Med bygginga av desse fartøya har Myklebust sin stab, og våre underleverandørar, levert eit produkt som miljømessig har dei aller nyaste og beste løysingane , seier Hide.

Kraftige ladestasjonar

Dei to plug-in hybridferjene Lagatun og Munken skal settast inn i sambandet Flakk-Rørvik, og får på begge sidene av Trondheimsfjorden det som er Norges kraftigaste ladestasjonar. Det betyr at mesteparten av energien som skal til for å drive ferjene, kjem frå straumnettet.

Energien som på kort tid skal overførast til batteria overgår alt som er av tidlegare løysingar, fortel Joachim Ofstad Ness.

Ofstad Ness, som er reiarlaget sin prosjektleiar, fortel at det vil ta berre tre-fire minutt å lade batteria samtidig som ferjene tek om bord ein ny last med bilar. Samanlikna med ein hurtigladar for el-bil som leverer 0,12 megawatt, leverer dette anlegget 4,5 megawatt.

Effektiv overfart

Ferjene er utstyrte med navigasjonssystemet Autocrossing frå Rolls-Royce. Systemet bidreg til lågare energiforbruk gjennom å analysere data frå radar, kompass, GPS og vindmålar. Systemet syter så for at aksellerasjon, pådrag og seglingskurs til eikvar tid blir optimalt.

Den integrerte bruløysinga i styrehuset er også den fyrste i sitt slag på ferjer. Eit trykk på ein knapp gjer at heile systemet snur 180 grader.

FosenNamsos Sjø har også gått ut over anbodskrava og mellom anna valt å byggje ein 360 graders panoramasalong over bildekket.

– Tilbodet til passasjerane, og særleg pendlarane, blir dermed teke godt vare på, og vi ønskjer å gjere overfarten så attraktiv som muleg, seier Ness.

Dei rørslehemma vert godt tekne vare på, med mellom anna seks eigne sitjeplassar for rullestolbrukarar. Alle med tilgang til bord og enkel tilkomst til toalett og evakueringsveg. Soldekka i kvar ende av passasjersalongen har sitjeplass til 60 personar.

Stor kapasitet

Kvar av dei to ferjene kan ta 130 personbilar, ti vogntog med last og 399 passasjerar. I kvar ende av ferjene er det avsett plass til farleg last.

I rute frå nyttår

Bygginga av dei hypermoderne ferjene er eit resultat av kontrakten som FosenNamsos Sjø vann i 2016. Lagatun og Munken skal frå nyttår av erstatte dei to Fjord1-ferjene som går i sambandet i dag.