Begge laga hadde vunne alle sine kampar før dei gjekk på bana i Herøyhallen laurdag, og det var difor duka for eit skikkeleg toppoppgjer når Bergsøy tok imot Molde HK Elite 2. Bergsøy trona på tabelltoppen etter sju strake sigrar, men det var likevel gjestane som var ein knipen favoritt før kampen.

Allereie frå byrjinga av var det tydeleg at dette var ein motstandar av eit heilt anna kaliber enn det Bergsøy-damene har spela mot tidlegare i sesongen, og våre lokale handballdamer sleit også med å hevde seg. Men takka vere eit keeperspel på svært høgt nivå av Susanne Skar Sandvik, og ei treffsikker Beate Myklebust heldt Bergsøy-damene følgje første halvdelen av første omgangen. Deretter tok moldensarane tak i kampen, og bygga seg opp ei flott leiing, og det såg ut til å bli ein særs tøff kamp for heimelaget. Men mot slutten av omgangen kjempa Bergsøy-damene seg inn i kampen att og då klokka ringde for pause var dei rett bak gjestane, 13–15.

Starta friskt i andre omgang

Då laga var tilbake på bana etter ein kort pauseprat, var det tydeleg at Aukse Aglinskiene hadde lagt ein god plan. Bergsøy spela handballen vi har sett dei spele heile sesongen, og kjempa til seg overtaket i kampen. I denne perioden steig entusiasmen i Herøyhallen stort, og det såg ut til at Bergsøy-spelarane verkeleg hadde trua på seg sjølve. Noko trenar Aukse Aglinskiene kunne bekrefte.

– Første del av andre omgang spela vi veldig bra, og eg fekk trua på at dette kan vi klare.

Molde-trenar Jan Henrik Indbjør var samtidig bekymra.

– Bergsøy viste kor gode dei er, samtidig som vi sleit i forsvar. På det tidspunktet var eg redd vi skulle tape.

Molde fekk fart på seg

Men gjestane frå Romsdal fekk etter kvart meir system på spelet sitt, og anført av dei utanlandske elitespelarane Lynn Molenaar (8 mål) og Mariane Cristina Oliveira Fernandes (12) la dei Bergsøy bak seg og sikra seg ein 28-23-siger.

– Mot slutten klarte vi å få orden i forsvaret vårt, slik at vi vann mange ballar i forsvar, og då vinn ein også handballkampar, seier lagleiar Indbjør etter kampen.

Han meiner Bergsøy er eit langt betre lag enn dei andre laga dei har møtt i 3. divisjon.

– Bergsøy er eit rutinert lag, med mange gode spelarar, og vi visste at dette ville bli ein skikkeleg tøff kamp allereie før vi reiste hit. Og Bergsøy var gode i dag, oppsummerte Indbjør.

– Vi spelar ein god kamp

Spelande Bergsøy-trenar Aukse Aglinskiene var godt nøgd med det dei leverte sjølv om det blei sesongens første tap.

– I dag er vi gode. Vi spelar mot eit veldig bra lag, og vi klarar å gi dei ein god kamp. Eg er fornøgd med det vi leverer, sa Aglinskiene etter kampen. Ho scora sjølv fem av Bergsøy sine 23 mål. Toppscorar blei Beate Myklebust med ti mål.

Kampen bar preg av tøffe duellar, då det var mange fysisk sterke damer i aksjon denne ettermiddagen. Spelarane måtte difor tole litt smerter.

– Men det er veldig gøy å få spele mot slike lag også. Det er desse kampane som er artige, sa Eileen Baumann Jensen i ein kjapp kommentar etter kampen.

– Ikkje avgjort

Med sigeren i Fosnavåg er det Molde som er i førarsetet i kampen om opprykk. Men ingenting er avgjort om vi skal tru dei to trenarane.

– Molde kan gå på ein smell, og vi skal også møte dei på nytt. Nei, dette blir spennande, sa Bergsøy-trenar Aglinskiene.

– I dag stilte vi med fire elitespelarar, det er ikkje sikkert vi kan gjere neste gong. Opprykket er på ingen måte i boks, sa Indbjør, som elles kunne opplyse om at dei fleste andre på laget er 17 år.

To bortekampar neste helg

Neste helg møter Bergsøy-damene Rindal og Orkanger 2 borte. Deretter ventar årets siste kamp, heime mot Træff 16. desember. Aglinskiene håpar no at Bergsøy kan avslutte 2018 med tre strake sigrar.