Viser til sak som stod i Vestlandsnytt tysdag 27.11.18, der komité for oppvekst ikkje vil imøtekome Herøy ungdomsråd sitt ønskje om skuleskyss for ungdomsskuleelevane frå Sandvika.

I dag er vi ikkje stolte av å bu i Herøy kommune; ein kommune som skal vere «ei båtlengd føre» viste null respekt for ungdomen vår då dei gav avslag til å få skuleskyss på ein svært farleg skuleveg. Ein kan lure på om oppvekstkomiteen har tenkt på kva signal dei sender til ungdomsrådet vårt. Tel ikkje innspela frå ungdomen?! Og er ikkje ungdomen vår nok verdt til å få trygg skuleveg?

I så tilfelle skal vi stå opp for ungdomen, vi skal kjempe for at også dei som bur i små bygder skal ha rettigheiter. Vi skal gjere det vi kan for at det ikkje skal måtte skje ei alvorleg ulykke før politikarane våre får opp auga for kva dei faktisk stemmer mot.

Sandvika har søkt om gangveg sidan 1971, og vi har i år fått hjelp av mellom anna fylkespolitikarar og undersøkt med både Vegvesen og Fylkeskommune om kva dei har motteke frå Herøy Kommune om gangvegen i Sandvika opp gjennom åra. Svaret er at dei ikkje har motteke noko som helst frå vår kommune (som er ei båtlengd føre), ingenting på snart 50 år! Kommunen har ikkje følt at vi er verdt å prioritere. Den mangelen på respekt skal vi greie å handtere, men at elevane våre skal måtte gå denne farlege skulevegen frå dei startar på ungdomsskulen – nei det godtek vi ikkje!

Trygg trafikk sin rettleiar, «Særlig farlig eller vanskelig skolevei» tek føre seg Opplæringslova sitt kapittel 7, som handlar om elevar sin rett til skuleskyss. Der står det at ved ei vurdering om vegen er «særleg farleg eller vanskeleg», må ein kartlegge mellom anna trafikktettleik, vegdekke, breidde, vegskulder, fotgjengarovergangar, fartsdumpar, lys, generell sikt, fartsgrense og ulykkesstatistikk. Det står også at dersom kommunen har vanskar med ei sak om skuleskyss grunna særleg farleg skuleveg, kan ein kontakte andre sakkunnige som t.d. politi og vegvesen. Vi krev hermed å få vite på kva grunnlag denne saka er gjort på, kva er kartlagt, og om oppvekstkomiteen har fått sakkunnig hjelp.

Vi inviterer derfor alle som sit i oppvekstkomiteen og politikarar elles til å kome og gå denne vegen ein mørk morgon, klokka 07.40, så dei rekk skulen som startar kl. 08.05. Vegen er smal, det er ikkje mogleg å gå ved sida av vegen, dersom to lastebilar møtest må ein hoppe i grøfta eller i fjøresteinane. Det er svært dårleg med gatelys som faktisk lyser på vegen, spesielt på den minst oversiktlege staden der gatelyset står langt oppe på ein fjellknaus.

Dei færraste trafikantane overheld fartsgrensa når dei fyk forbi her i full fart på rad og rekke. Ver obs på svært dårleg sikt i svingen, ein ser ikkje om ein lastebil kjem rundt den knappe svingen på grunn av fjellknausen der (for det er mykje tungtrafikk her). Ein må også hugse på at ein må passere eit kryss i 80-sona, og ein må deretter krysse ei sterkt trafikkert 70-sone – utan overgangsfelt sjølvsagt. Det er elles også ofte blankis på vegen om vinteren, så vær obs på bilar som stadig kjem over i feil køyrebane og hamnar i grøfta eller i fjøra i Sandvika. Vi anbefaler ikkje at politikarane tek med barna sine, for vi ønsker faktisk å behalde alle vi har. Vi leikar ikkje med andre sin tryggleik, alle skal kome seg trygt til og frå skulen, sjølv om dei bur i Sandvika!

Vi vonar med dette på ei snarleg tilbakemelding frå komite for oppvekst, og at alle elevane våre får rett til skuleskyss året rundt.

Med venleg helsing styret i Sandvika Vel.

Otto Sandvik og Caroline Sivertstøl Stolsmo