Dei nasjonale prøvene for 5.-klassingar målar evnene til elevane i engelsk, lesing og rekning. Målet er å kartlegge i kva grad kunnskapane til elevane er i samsvar med dei krava som blir stilt i Kunnskapsløftet.

For skulane i Sande kommune syner utviklinga at elevane gjer det dårlegare på alle felt, samanlikna med resultata for dei fire føregåande skuleåra. Ettersom elevtalet på 5. årstrinn i Sande kommune er på berre 24 elevar, må tala lesast med tanke på låge elevtal.

Også i Herøy kommune viser tala at elevane gjer det dårlegare i engelsk. Men Herøy-elevane gjer det derimot betre enn førre skuleår i både lesing og rekning.

Elevane i Ulstein og Hareid scorar i likskap med Sande-elevane lågare på alle felt. I Vanylven derimot gjer elevane det generelt betre, og scorar betydeleg betre i engelsk samanlikna med 2017-målinga.

Tala for Møre og Romsdal fylke og Norge under eitt syner derimot at utviklinga er lita, og at elevane er på same nivå som tidlegare.