– Myrvåg er lett tilgjengeleg. Det er rart at området ikkje har blitt utnytta betre av Herøy kommune, sa dagleg leiar Idunn Dyrhaug i intervjuet. Vi la ut saka på nettsida og opna for innspel på Facebook-sida. Der spurde vi, uavhengig av saka om tannklinikken, om Myrvåg/Dragsund bør bli meir satsa på av kommunen og andre aktørar. Reaksjonane let ikkje vente på seg. Nokre peika på at Fosnavåg er kommunesenteret, og andre meinte det er innlysande at Myrvåg bør få ein høgare status. «Myrvåg er og blir knutepunkt», kommenterte Kjetil Jøsok.

Eit faktum er det uansett at handelen og aktiviteten er aukande i Myrvåg. Kiwi, Blomster og Gaver, Pekas, legekontor og andre funksjonar trekkjer folk frå fleire kommunar. Nokre fryktar kanskje at Myrvåg vert Herøy sin miniatyrkopi av Moa, og at fleire handlande i Myrvåg er øydeleggande for handelen i butikkane som ligg nær rådhuset.

Etter badeland- og hotellutbygginga er Fosnavåg no i ferd med å få endå eit lyft, med sentrumsnær bustadbygging og ei tettstadsatsing som vonaleg vil resultere i ein endå meir attraktiv by. Midt i det heile er det viktig, som enkelte kanskje gløymer, å hugse at også Myrvåg er ein del av Herøy. Det blir også feil å hevde at Herøy kommune ikkje «bryr seg om» Myrvåg/Dragsund. Det er nemleg kommunen som har lagt til rette for utbygging av etterspurde tomter til næring og bustadar her. At Myrvåg trekkjer til seg fleire «utanfrå» kan vere – eller bør kunne vidareutviklast til å bli – positivt også for Fosnavåg. Og sjølvsagt vice versa.

.