litteraturSande sogelagSegn og Soge

Sogelaget har ei arbeidsgruppe beståande av Sindre Torset (leiar/redaktør), Bodil Julie Søvre, Inge Rekdal og Einar Ekroll.

Siste åra er det gjort betringar i bladbunaden til Segn og Soge, som framstår som lettare oversiktleg enn før, og i ein grei storleik. Kanskje burde formatet ha vore litt større?

Så til innhaldet. Fordelt på 144 sider finn vi ei rekkje større eller mindre historier og forteljingar frå lokalsamfunnet. Alle saman må reknast som viktige stykke lokalhistorisk arbeid.

Nokre av artiklane vekkjer sjølvsagt meir interesse enn andre. Det kjem alt an på auget som les. Denne gongen slår Sande sogelag til med ein artikkel på engelsk. Det er eit utdrag frå utflytta sandssokning Sverre Waagen (1927–2016) si bok «Surviving Norway’s Nazi Occupation and the Korean War». Waagen flytta frå Norge til USA i 1947 og deltok i Koreakrigen.

I denne artikkelen fortel gurskingen om korleis han som ungdom opplevde åra før, under og etter krigen. Interessant stoff.

Av stoffet elles, er det lett å feste seg ved ein artikkel Peter Daniel «Sir Peter» Baade hadde i Sunnmørsposten i 1967, då Sandsøy frilynde ungdomslag fylte 75 år. Kjekk lesnad.

I ein bokomtale er det vanskeleg å skrive særskilt om kvar av dei 20 artiklane. Men Sigmund Strand må nemnast spesielt. Han har tre stykke i årets utgåve, mellom anna ein som bør vekkje interesse for alle sjøfarande; «Den umoglege lengdegraden».

Elles kjem det fram mange interessante lokale poeng og innslag i Per Ole Reite si historie «Boerkrigen».

Vidare i årets Segn og Soge skriv Møyfrid Tveten, fersk kulturprisvinnar i 2018, om Gursken kyrkje. Kyrkja som fyller hundre år i 2019 pryder også framsidebildet i årsheftet, eit foto der Haddal-kunsten (som seinare vart måla over) tydeleg syner.

Ivar Hamsaas skriv om «Då eg budde på Larsnes», medan Olav Myklebust har skrive om Rovde kommune (1905–1963). Randi Støylen har ein artikkel om Kvamsøy bygdemuseum.

Aslak Storegjerde har eit stykke om Gamlebanken som runda 100 år i år, medan Oskar Stein Bjørlykke skriv «Minne om kyrkja i Vik». Hilde Marie Petra Brungot skriv om Laura Marie Gjerde, medan Jakob Strand skriv om kraftverket i Gjerdsvika. Ingvald Dyrhol («Kjerringnota»), Ruth Anita Hatlebrekke Rekdal (Mjølkeruta til Ørsta») og Hilde Brune Nystøyl («Livsminne») er andre bidragsytarar.

Andre som har vore med på denne fine dugnaden, er Sverre Kvalsund («Brannvernet på Sandsøya/Voksa»), Karethe Fredly Sætremyr («Handgjerning i gamle dagar») og Astrid Aarø Kalsnes («Barndomsminne frå Sande»).