– Det er rett og slett heilt rått, seier arrangementsleiar Bjørn Holum.

Julekonsertane i november og desember har tradisjonelt sett gått bra i Fosnavåg, og fleire store artistar har gjort tradisjon av å kome til den vesle byen ytst i havgapet. Mellom dei er Oslo Gospel Choir, som var i Herøy for tiande gong i 2016. I fjor drog dei elles til Ulsteinvik i staden – men ikkje før dei hadde avklara med Holum at det var greitt.

– Sidan dei har vore her så mange gongar før, føler dei ein viss tilknyting til Herøy. I fjor var det spesielt fordi det var opning av Ulsteinhallen. Eg tenkte at det kanskje var greitt å variere juleprogrammet litt, men vi fekk mange tilbakemeldingar om at folk sakna Oslo Gospel Choir i Fosnavåg, seier han.

I skrivande stund er det berre tre plassar ledig til den første av dei to konsertane med koret, 14. desember. Den andre er heilt utselt.

Tolvtetten syng med stjernene

Den neste store konserten går av stabelen på onsdag. Då kjem Hanne Krogh, saman med den internasjonale artisten Johnny Logan og Thomas Ruud. Ikkje minst, skal Tolvtetten delta på 15 av songane!

– Konserten er nesten utseld, informerer Holum.

Konserten «An American Holiday with Adam Douglas», 19. desember, har på si side vore utseld lenge.

– Eg trur det er artistvalet som gjer at billettsalet går så godt. Vi har funne ein formel som fungerer. «Gjennomsnittsfosnavågaren» er glad i musikk med brei og folkeleg appell. Viss fjesa er blitt sett på TV-ruta det siste halvåret, sel dei også godt, seier Holum.

Mindre interesse for humorshow

På programmet står, tradisjonen tru, også eit humorshow, denne gongen med «Great Garlic Girls». Interessa for desse morosame karane som kler seg ut som kvinner og syng har elles vore litt laber.

– Men eg trur det kan bli ein spesiell oppleving for dei som kjem. Gruppa har hatt internasjonal furore tidlegare, seier Holum.

Og medan vi snakkar om «dragdronningane», nyttar han høve til å fortelje ei lita historie:

– Dei landar på Vigra klokka 13 på fredag, så eg spurde om dei kunne skaffe seg ein leigebil og køyre hit sjølve i staden for at vi skulle arrangere henting. Då fekk eg beskjed om at det blir vanskeleg, for dei må byrje å sminke seg i bilen for å bli ferdige til showet som byrjar om kvelden. Så dei tek ikkje lett på omforminga, humrar han.

Viktige inntekter

Førjulskonsertane er økonomisk viktige for konserthuset. Men det er ikkje nødvendigvis slik at dei bestseljande artistane gir mest pengar i kassa.

– Dei mest populære artistane kan ta seg godt betalt. Difor kan vi tene meir pengar på ein halvfull konsert med ein mindre kjend artist enn eit fullt hus med ein kjend artist. Oslo Gospel Choir er eit døme på ein konsert der vi ikkje tener mykje, men vi går iallfall i pluss, seier Holum.

Nokre artistar vel å leige seg inn, noko som gir meir pengar i kassa til konserthuset, medan andre blir hanka inn av Holum og tek seg betalt for å opptre.

– Totalt sett gir desse førjulskonsertane gode inntekter til oss, seier Bjørn Holum.