Under Sandemessa 2018 var det Thomas Sætre Hauge og Loftet Herrekle som fekk utmerkinga «Årets stand». I ein kommentar til Vestlandsnytt seier Hauge at det er kjekt å få ros for standen.

– Utmerkinga gjer også at dette freistar til gjentaking, for eg ser at det er ein fin måte å marknadsføre seg sjølv på, sjølv om det ikkje var det heilt store salet, seier Hauge.

Elles kan han nemnde at det går greitt med herrebutikken i Fosnavåg, trass i at den kanskje er litt gøymt. Han håpar og tek sikte på at dei skal halde på lenge framover.