Det heile startar førstkomande torsdag. Då har Herøy kunstlag utstilling på Fosnavåg Brygge, og ved paviljongen vert det sal av laksesild, kryddersild og saltsild. Butikkane i sentrum held dessutan langope denne kvelden.

Julestemning ved fontena

1. desember er første «julelaurdag» i advent. Då vert det underhaldning ved fontena (som forresten vert pynta med juletre i forskjellige storleikar), med juleforteljing med Guri Aasen og musikk av Nasko med elevar frå Herøy kulturskule. Herøy FSK Sjø sel graut.

Julegrantenning

Søndag 2. desember vert julegrana tend i Fosnavåg. Då vert det, tradisjonen tru, andakt, korpsmusikk og song. Etterpå vert det juletrefest på Fosnavåg bedehus og lysmesse i Herøy kyrkje.

Musikk i gatene

8. desember vert nok ein julelaurdag. Då spelar Nerlandsøy og Kvalsvik skulekorps i gatene, og det vert sal av graut, gløgg og tombola ved fontena.

Frå måndag 10. desember held butikkane langope.

Fleire juleleaurdagar

15. desember kjem «Nissen Fix» til Fosnavåg. Han held til ved fontena, der det også vert sal av julegraut.

Laurdag 22. desember vert det julesong ved fontena.

Ikkje heilt spikra

Vestlandsnytt har berre fått tilsendt det førebelse programmet, så meir kan kome til å skje. Du lyt følgje med!