Ikkje få lesarar har ytra ynskje om å få reisebreva i bokform, heiter det i omtalen frå forlaget Fjøsbrunnen.

– Dermed vart det bok, og eg vil håpe også herøyværingar og sandssokningar finn stoffet leseverdig, seier forfattaren når han kjem innom Vestlandsnytt med eit eksemplar av boka.

I boka finn vi kapittel med namn som «Langs Siilkevegen i Sovjetistan», «Førjulsdagar i Dubai», «Ein flik av USA», «iran på godt og vondt» og mykje meir frå den store verda. Mork krydrar det heile med filosofiske og personlege betraktningar om sine møte med folk og land/kontinent. Og ikkje minst ein behageleg dose humor.

– Innhaldet baserer seg på mine reisebrev som eg har skrive på Facebook, fortel forfattaren.

Boka er godt illustrert av kunstnar Sture Lian Olsen. «Den satiriske stilen er som smøret på skiva for reisebreva mine», forklarar Ivar Mork om teikningane, i føreordet til boka.