Langrennsski, slalåmski, stavar, skeiser, snøbrett og diverse typar støvlar i mange forskjellige storleikar står lina opp like ved inngangen til Herøy folkebibliotek. Bruktsalet vart opna for over ein time sidan, og det er ikkje så mykje igjen.

– Vi har selt omtrent halvparten.

Endre Leine i Bergsøy handball har teke plass bakom ein pult med ein laptop på. Der har han oversikt over alt som har med registrering, sal og kjøp å gjere.

Utstyret er brukt og levert av folk som vil gi det vekk eller selje det til ein billeg penge. Klubben tener også på det.

– Vi har fått inn om lag 90 artiklar, informerer Leine.

Mest barnefamiliar

– Kundane kjem i bølgjer. Her har vore ein del barnefamiliar. Det som er ok å sjå er at ungane er like gira her som om dei hadde vore på skiavdelinga på XXL. For dei er alt dette nytt. Spesielt desse småttisane som skal ha seg ski for første gong, smiler Leine.

Litt labert

Dessverre har det ikkje vore flust av folk – verken av dei som vil gi vekk/selje utstyr, eller dei som vil kjøpe.

– Vi fekk inn omtrent dobbelt så mykje i fjor. Eg trur det har med marknadsføring å gjere. Og så har vi no ikkje hatt snø i år, så kanskje folk ikkje er komne heilt i ski- og vintersportsmodus, seier Leine.

Felles bruktmarknad-helg?

Han lurer på om det kunne ha vore hensiktsmessing å «samle» det som skjer av bruktsal til éin og same helg – til fast tid kvart år.

– No var det tilfeldigvis balllkjoletorg i Frikyrkja samtidig. Kanskje det hadde vore ein idé å samle alle kreftene til ein fast tid, til dømes den andre, tredje eller fjerde helga i november kvart år? Då veit alle at den helga skjer det. Det har dei fått til i Volda, seier Leine.

Lat oss håpe på litt betre oppmøte neste år.