«Jordvern Møre og Romsdal» ber no alle kommunane om å vurdere å innføre betre handtering og bruk av matjord i utbyggingssaker.

Kommunane blir bedne om å stille krav til alle utbyggarar om lage planar for disponering, handtering og bruk av dyrka og dyrkbar jord, til dømes å mellomlagre matjord.

Dessutan ber ein kommunane om å praktisere betre oppfylging av driveplikta for alle som eig landbrukseigedom.

– Vi erfarer at driveplikta mange stadar ikkje blir praktisert på ein god måte, skriv leiar Kolbjørn Gaustad i Jordvern Møre og Romsdal. Han ber kommunane om å kartleggje og deretter følgje opp dei som ikkje driv i samsvar med driveplikta.